X2-festivalen har søkt Ørsta kommune om 20.000 kroner i prosjektmidlar for gjennomføring av festivalen i 2014.

X2 vert arrangert for niande året i 2014, og har hovudbase i Volda og Ørsta, med eit festival- og samlingsområde i Volda sentrum på kveldstid. Målet til festivalen er å skape ein møteplass på tvers av ekstremsportar, i tillegg til å promotere verdiar rundt friluftsliv. Festivalen samlar rundt 350 deltakarar på dei ulike aktivitetane, og rundt 3.000 festivaldeltakarar. Det vert estimert at deltakinga i 2014 vil verte noko større grunna fleire aktivitetar og større satsing på festivalområdet. Festivalen satsar i år også på auka fagleg underhaldning.

Hovuddelen av konkurransane under festivalen er lagt til Ørsta. Xfree, Xcreek, Xtind, big jump, fjelltelemark, paragliding og toppturar er lagt til Ørsta. Xtind-konkurransen vert i år NM i randonee.