1. november er datoen du kan skifte til vinterdekk på bilen med unntak av Nordland, Troms og Finnmark der datoen er 16. oktober. Sunnmøre politidistrikt skriv i dag på sin Facebook-konto at mange er opptekne datoen 15. oktober som ein "lovleg" dato for overgang til piggdekk, og mange lurer på om dei kan skifte før.

- Vi viser her til kravet om at «køyretøyet skal vere sikra tilstrekkeleg veggrep i forhold til føret, om nødvendig med bruk av vinterdekk med eller utan piggar». Du får ikkje bot om du legg om til vinterdekk i dag, ut frå di vurdering om at det kan fryse på der du skal køyre. Framover vert det utfordrande med skiftande føre og du har ansvaret for at bilen din er sikra tilstrekkeleg grep på vegen uavhengig av vêr og vind. Slik sett kan du ha på sommardekk på privatbilen om det er + 10 grader og bar veg der du skal køyre. Det er ditt ansvar å ta ei skikkeleg vurdering av tilhøva der du skal ferdast, heiter det frå politiet.