Rune Hovde stiller gjerne til møte saman med dei sju kommunane på Søre Sunnmøre for å diskutere kommunesamanslåing, men han hadde gjerne sett at det hadde vore ein dialog i forkant av møtet også.

Likar ikkje initiativet

Ulstein-ordførar Jan Berset sende ut invitasjon til kommunane der han inviterer til møte om vegen vidare for Søre Sunnmøre. Det har ikkje falle i god jord hos alle. Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr likar ikkje at Berset har «stole rattet» i saka, skriv Vestlandsnytt. Vidare uttalar han at han ikkje ønskjer å diskutere reformpolitikk på Ulstein sine premissar. Han får langt på veg medhald frå Sande-ordførar Dag Vaagen, som også tykkjer Ulstein-ordføraren går litt for raskt fram i saka.

Stridssak

– Det er positivt å møtast, men det kan vere greitt å vite at alle vil vere med på det, kommenterer Rune Hovde.

Han synest det er dumt at saka no vert framstilt som ei stridssak, der Ulstein og Herøy står mot kvarandre.

– Det er ikkje saka tent med.

Hovde meiner det er viktig med god dialog mellom kommunane på Søre.

– Det er det vi i Ørsta og Volda har gjort. Vi har planlagt eit felles kommunestyremøte for å diskutere kva som ligg i den komande kommunereforma. Det er der vi må starte, i første omgang.

Eig saka saman

Hovde likar ikkje at det går prestisje i kven som «eig» saka eller ikkje.

– Den eig vi saman. Og det er ei viktig sak for alle som bur på Søre Sunnmøre.

Men ei felles kommune for Herøy, Ulstein, Sande, Hareid, Ørsta, Volda og Vanylven har han ikkje heilt trua på, i alle fall ikkje med det første.

– Vert det for stort vert det mangel på lokalt eigarskap. Då vert det meir som eit minifylke, men eg er open for å sjå kva som skjer.

Kommunereforma trur han har kome for å verte verande.

– Dagens struktur er over femti år gammal, så noko må skje, og det er også regjeringa klare på, men eg går ikkje for noko som ikkje gagnar innbyggjarane i Ørsta. Men eg stiller gjerne til møte for å snakke om det.