Gjennomsnittleg kjøpesum for ein eigedom med bustadbygningi Ørsta var i fjor på 2.157.000 kroner. Det viser ferske tal frå Statistisksentralbyrå. I Volda kommune var tilsvarandesnitt på 2.265.000 kroner.

Tinglyste eigedomar

Statistikken omfattar alle tinglyste omsetningar(overføringar) av fast eigedom.Partsleilegheiter og burettslagsleilegheiter er altsåikkje med i talmaterialet.  Det blei i løpet av fjoråret tinglyst totalt 195 slikeomsetningar i Ørsta kommune. Dette er 39fleire enn året i førevegen, ein auke på heile 25 prosent. I heile Noreg blei det i fjor omsett 2,5 prosent færreeigedomar med fast bustad enn året før.

I Volda kommune var det 131 slike tinglysingar, som ertolv færre enn året før, ein nedgang på åtte prosent. Merk altså atdet blir snakka om tidspunktet for tinglysingar her. Det kan ofte gå både veker og månader før eit sal blirtinglyst.

Snittsummen

Med så stor masse bør det vere forsvarleg å kunne sjå littpå utviklinga av snittprisen for eigedomane i Ørsta og Volda. Detinteressante her er nemleg at kjøpesummen per eigedom har gått opp med høvevis10,5 og 12,4 prosent frå 2012. Sett i forholdtil resten av landet er dette ei god utvikling, då det på landsbasis var einauke på sju prosent. Gjennomsnitteigedomen medbustad i Noreg kosta i fjor 3.049.000 kroner.

Høgast snitt i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal blei det tinglyst 4.478 omsetningar ifjor, noko som er ein prosent meir enn året før. Gjennomsnittleg pris var på 2,29 millionarkroner, noko som er 3,6 prosent auke frå året før. Den kommunen med høgaste gjennomsnittlege kjøpesum bleiMolde, kor snittet blei på 3,08 millioner kroner. Det er langt derifrå til Rindal kommune, som har Møre ogRomsdals minste snittpris – 923.000 kroner.

Rangering av Ørsta og Volda

I Noreg er det Bærum kommune som suverent toppar lista for2013, med eit snitt på 5.215.000 kroner per eigedom. Deretterfølgjer faktisk Gol i Buskerud, som hadde nokre svært dyre omsetningar i fjor.Randaberg i Rogaland tek tredjeplassen. Så er det eit hav av pengar ned til Leka kommune iNord-Trøndelag, som hadde eit snitt på 254.000 kroner for sine fireomsetningar.

Om vi lagar ei landsoversikt på dette, og plasserer Bærumøvst så finn vi Volda på 100. plass blant dei 423 kommunane med meir enn treomsetningar. Her er Ørsta nummer 121