–  Er vieigentleg betre enn grekarane? Har vi sett realitetane, og gjort noko med det?Det har vi ikkje. Det er noko gresk over økonomistyringa i Ørsta.

Det sa Høgre sin gruppeleiar Per Are Sørheim dåtertialrapporten til kommunen vart debattert i kommunestyret torsdag.

Ordførar kravde debatt

Partikollega og ordførar Rune Hovde mest kravde debatt omsaka.

Aller helst skulle eg ha sett saka fyrst på sakskartet, forså viktig er det at vi innser alvoret, sa Hovde då han opna for debatt.

Og bakgrunnen er dyster. Tertialrapporten fortel at Ørstakommune ligg an til eit underskot på ti millionar kroner i år. Det eroverforbruk i dei fleste sektorar, men aller mest i helse og sosial.

- Alvorleg

–  Økonomisituasjonener alvorleg lesnad. Vi må redusere driftsutgiftene. Vi har ikkje gjort det. Vihar nytta løysingar som ikkje er tilrådd, som å bruke momsrefusjon til drifta.Dette har fylkesmannen påpeikt. Han har også redusert låneopptaket vårt, og hanhar peika på at Ørsta må få kontroll over utgiftene. Det har vi ikkje greidd,sa Sørheim.

Og han la til:

– Det er stor merksemd mot Hellas og økonomistyringa der.Har vi vore betre enn grekarane., og har vi sett realitetane og gjort noko meddei? Det har vi ikkje. Vi har brukt det vi har av midlar og meir til. Det ernoko gresk over dette, og vi  kan ikkjehalde fram, sa Sørheim.

Han skulda det førre kommunestyret for ikkje å ha gjortarbeidet sitt godt nok.

–  Det førrekommunestyret fekk oss inn i Robek. Vi må få oss ut. Før vi er ute av Robek,får ikkje gjort noko av det har lova, sa Sørheim.

18 millionar

–  Han peikapå at Ørsta kommune i tillegg til å gå mot eit underskot på ti millionarkroner, har eit akkumulert underskot på i alle fal åte millionar kroner. Dermedstår kommunestyret overfor utfordringa å dekkje inn minst atten millionarkroner når budsjettet skal handsamast om ein månad.

Les meir om økonomidebatten i papirutgåva laurdag.