– At ordførar Ragnhild Aarflot Kalland reagerte med glede over at bompengefinansieringa vart fjerna frå Kvivsvegen, men no vil late lokaltrafikken betale for Voldatunnelen mellom Volda og Furene, viser at ho og Volda Senterparti lever i si eiga verd.

Det seier påtroppande gruppeleiar i kommunestyregruppa i Framstegspartiet i Volda, Jon Georg Dale.

Han viser til intervjuet med ordførar Aarflot Kalland i Møre-Nytt torsdag. Der frykta Aarflot Kalland at realiseringa av Voldatunnelen ligg mange år fram i tid grunna den nye fleirtalskonstellasjonen i Volda sitt nei til bompengar lokalt. Ho meiner dette standpunktet er urealistisk.

Dale har ingen problem med å erkjenne fleirtalskoalisjonen sitt standpunkt.

– Stolt

– At vi i Frp står bak dette punktet er eg veldig stolt over. Eg synest avtroppande ordførar er ikkje reint lite frekk. Ho seier at vi vil hindre utvikling i Volda. Faktum er at ved å stengje Volda sentrum i tre bomringar, vil det hindre utvikling i Volda, seier Dale.

Han viser då til Statens vegvesen, som har opplyst at tanken er tre bomstasjonar rundt Volda. Det vert ein ved den komande Voldatunnelen, ein på Lidaeidet (Krøvelseidet) og ein i Vikane.

– At Aarflot Kalland er frekk nok til å hevde at vi vil hindre utvikling, men at det å stengje inne Volda for tjuefem kroner per passering vil auke utviklinga, viser ei røyndomsoppfatning totalt annleis enn andre ser det, insisterer Dale.

Tjuefem kroner

– Viss Eiksundsambandet er nedbetalt i 2013, og folk kjem mot Ørsta og Volda frå øyane, vil det vere gratis til Furene, gratis til Ørsta, men tjuefem kroner til Volda.  Viss ikkje Senterpartiet i Volda ser at dette gjer noko med trafikkmønsteret, og kvar folk vel å etablere verksemdene sine, då lever dei i si eiga verd, seier Dale.

Han hevdar at ingen næringsdrivande i Volda sentrum skjønar tankegangen til Aarflot Kalland.

– I den politiske avtalen Venstre, Høgre, KrF, Ferjelista og Frp har gått inn, seier vi at vi ikkje aksepterer ein bomring som råkar lokaltrafikken. Det er forunderleg at ordføraren ikkje ser dette, men det viser samstundes at det var på tide med avløysing.

Han vedgår at det framleis er ulikt syn på bompengefinansiering av Voldatunnelen i fleirtalskoalisjonen.

Bomstasjonar

– For Frp er det uaktuelt å akseptere bomstasjonar i Volda. Det vil likevel ikkje seie at dei andre samarbeidspartnarane er heilt i mot. Dei seier at det kan vere bomstasjonar innanfor kommunegrensene i Volda så sant dei ikkje råkar lokaltrafikken, seier Dale.

Han innser at saka om bomstasjonar i Volda er ei sak som ikkje vert avgjort lokalt.

– Den store utfordringa er kva vegvesenet aksepterer. Mi oppmoding til Aarflot Kalland er å få sine representantar på Stortinget til å skrive ei formulering i samband med Norsk Transportplan. Det gjorde Frp i 2009. Der må det stå at Voldatunnelen er ei naturleg lenging av Kvivsvegen, og då at heile denne strekninga skal finansierast med statlege middel. Det må krevjast at denne naturlege forlenginga er seinast på plass ved fyrste rullering av NTP i 2014, og utan bompengefinansiering. Viss Aarflot Kalland har like stort gjennomslag i eige parti som einskilde andre har i andre parti, vil ho medverke til å ha løyst heile floken, seier Dale.