- Det er utruleg kjekt. Og vi har mange gode hjelparar, fortel Kjersti Elin Årøen frå dagstova Hagestova.

I år er det tredje året at dei har teke med seg brukarar og bebuarar ved Ørstaheimen ut i sansehagen til liv og røre og påfunn frå både sjukeheimsklovnen, elevar frå Åmås friskule, besøkstenesta til Røde Kors og andre.

I år hadde dei også fått med seg seniordansarane, som baud opp til dans på marka.

Vaffelosen låg tjukk, kaffien var varm, og det var sanneleg sola også.

- Det betyr mykje for mange at vi får dette til, seier Årøen.

- Åmås friskule har vi hatt samarbeid med no dei siste fem åra. Dei kjem ein gong i månaden og besøker dei eldre på Bakketun og i Hagestova. Og så er dei med på aktivitetsdagen. Eg vil seie at det er ein vinn-vinn-situasjon. Dei eldre får stimulans og vert glade av å sjå barn i aktivitet, og barna får også nye erfaringar i møte med eldre. Når dei kjem så ofte som dei gjer vert dei også tryggare, og vi ser at det knyter sterke band.

Kaffi

Thea Emilie Hagen (9), Kent-Erik Vatne (13) og Sverre Hovdenakk (12) likar godt å besøke Ørstaheimen.

- Det er gøy å leike og finne på ting og å vere saman med dei gamle. Vi snakkar mykje saman, og så fortel dei mange historier, fortel Thea Emilie.

- Det er kjekt, og vi finn på mykje rart - som å servere dei drinkar og kaffi, seier Kent-Erik og Sverre.

- Og kaffi er faktisk ikkje så verst, held dei fram, og viser fram to pappkrus med kaffi.

- Kaffi?

- Kaffi ja. Vi har begynt å like det. Haha.. Men det smakar kanskje litt bittert.

Sjukeheimsklovn

Anne Yksnøy stilte tradisjonen tru i klovnekostyme og starta morgonen med å eldne opp dei eldre inne på avdelingane.

- Det er viktig å få dei varme i trøya før dei kjem ut.

Kjersti Årøen er glad for at klovnen tek oppgåva på alvor.

- Det er god stimulans i ein sjukeheimsklovn. Og når sjukehusa har slike, så kvifor ikkje vi? Det er eit stort muntrasjonsråd!