Dersom ein både er glad i fotball og store siffer, var grasbane på Legene rette stadion å vere på onsdag.

Åmdal IL tok imot Moltu/Gjerdsvika, og kunne med siger feire endå ei veke på tabelltopp i sjette divisjon, med ei luke på fem poeng til toar Sunnylven.

Og det er lov å seie at onsdagens kamp innfridde forventningane. Seks mål av Joakim Giske, fire mål av Kai Robin Myklebust, og ei nettkjenning kvar på Anders Molnes og spelande trenar Svein Erik Grevsnes sikra ein vaskeekte 12-1- siger, som tek seg fint ut på tabellen i kategorien “målskilnad”.

Full målprotokoll

Grevsnes fortel om målkalaset, som starta då kampen berre var eit kvarter gamal.

Grevsnes var sjølv eksekutør og sikker frå kritmerket då han stakk hol på målbyllen med 1–0 på straffespark. Kristian Sirnes skaffa sjansen etter at han vart felt innafor 16 meteren i forkant.

– 2–0 kom kort tid etterpå, då Joakim Giske sat pannebrasken til og klinka kula i mål med hovudet etter innlegg frå venstre. Same mann gav oss også 3-0, etter at Anders Molnes gav ei fin pasning ut 45 grader, fortel Grevsnes.

Giske sat også inn 4–0 etter retur frå keeper, noko som kvalifiserte til “ekte” hat-trick.

Kvadrupple siffer og smultring i bortelaget sin målprotokoll var pent å ta med seg inn i garderoben til pause, men Grevsnes sitt mannskap skulle vise seg å ha enda eit gir på lager i dei siste førtifem.

Heldt fram

Giske tok opp igjen hansken etter fyrste omgang, og sette like godt inn 5–0 etter å ha vorte spelt gjennom og runda keeper.

Ein liten trøst for bortelaget kom med 1–5 då ein Moltu/Gjerdsvik-spelar dunka kula i krysset frå 16 meter.

Hjå Åmdal var det likevel fleire enn Giske som ville melde seg på i målkalaset. Kai Robin Myklebust sytte for 6–1 då han lobba ballen i garnet frå 25 meter.

Sistnemnde viste seg også frå si uegoistiske side då han og Giske begge kom åleine mot mål, og Myklebust spelte ballen til sin makker. Dermed kunne Giske huke av for fem mål og totalt 7–1 ved halvspelt andre omgang.

Enda fleire mål ...

Dersom ikkje Moltu sin keeper enno hadde byrja å få vondt i ryggen av å hente ut alle ballane frå eiga not, skulle han få merke det mot slutten av kampen.

– 8–1 var signert Anders Molnes, etter at han skar inn frå venstresida slik han brukar å gjere. Myklebust breisida deretter inn 9–1 på retur frå Molnes sitt skot. 10–1 kom også frå Myklebust då han pirka den inn frå fem meter, etter at ballen vart spelt på tvers inn framfor mål, seier Grevsnes.

Myklebust ekspederte også inn 11–1 på eit gjennomløp, før dagens seksmålsskårar Joakim Giske avslutta festfotballen med sambatakter då han tok tunnel på midtstopparen og runda keeper.

Grei skuring

– Kva tykkjer du om laget ditt i dag Grevsnes?

– Jau då, det var no ikkje rare motstanden, men ein skal no halde konsentrasjonen også. 12–1 er sjølvsagt godkjent, og det er kjekt at alle medverkar sjølv om det var få målskårarar. Midtbana fungerte meget bra i dag, seier Grevsnes, som bêr tilnamnet “Rikken” på folkemunne.

– Og motstandarane?

– Dei var eit fysisk godt lag, og klarte seg godt på dødballar. Dei prøvde å flytte kampen i forkant grunna spelarmangel, men vi har også vore nøydd til å klare oss med 10–11 spelarar i sesongen, så det er likt for alle.

Tankespel

Måndag er det klart for lokaloppgjer, når Åmdal skal reise til Sæbø for å møte dei raude riddarane i Hjørundfjorden.

“Rikken” varmar opp med å leggje press på opprykkskandidatane, sjølv om hans eige lag toppar tabellen med klar margin.

– Viss Sæbø har ambisjonar om å rykkje opp så må dei vinne over oss. Så enkelt er det, seier han.

Spelande trenar Svein Erik “Rikken” Grevsnes kunne med den største sjølvfølge koste på seg eit breidt glis då mannskapet hans var i aksjon onsdag.