Det vart tysdag kveld sett i gang ein redningsaksjon ved Saudehornet i Ørsta etter at det vart meldt om ei fallulykke i fjellet. Både eit Sea King-redningshelikopter og eit ambulansehelikopter rykte ut, og mannskap frå den alpine redningsgruppa vart kalla ut.

Politiet fekk melding om fallulykka kl. 21.45, og aksjonen vart sett i gang umiddelbart.

Det var den 46 år gamle Asbjørn Aure som omkom i ulykka på Saudehornet tysdag kveld. Aure budde i Ørsta, og er opphavleg frå Volda.

Han og ein turkamerat på rundt tretti tok tysdag turen til Saudehornet. Dei gjekk opp austegga til Saudehornet frå Nupadalen. Dei hadde med ski.

Dei starta nedturen etter å ha vore på toppen.

Fall

- Ulykka skjedde på om lag tusen høgdemeter. Det var ikkje stor framdrift, og det vart runne nesten horisontalt. Den omkomne støytte på ei grop i snøen, og miste balansen. Han fall utfor ein hammar. Turkameraten såg kva som hende, og han tok seg ned til der kameraten låg. Han var då død, fortel lensmann Guttorm Hagen.

Turkameraten varsla naudtenesta, og det vart sett i verk ein redningsaksjon. Både luftambulanse og redningshelikopter frå Florø kom til staden. Den omkomne vart teken at av området av redningshelikopteret, og luftambulansen tok med seg turkameraten ned frå fjellet.

Lokalt vart den alpine redningsgruppa og hjelpekorpset varsla. Det vart ikkje behov for deira tenester denne gongen.

Sjølve redningsaksjonen vart avslutta ganske tidleg, og arbeidet i etterkant handla om å varsle dei næraste pårørande og nettverket han var ein del av.

Samling på rådhuset

– Asbjørn Aure var ein aktiv mann i det alpine skimiljøet, og hadde eit stort nettverk. Kantina på rådhuset vert opna onsdag (i dag) kl. 15.00 for informasjon frå politi og hjelpeapparat, og det vert også ein stad der folk kan samlast, seier lensmannen.

Fallulykke i Saudehornet