– Vi såg ein artikkel i Møre-Nytt om at Kaihuset ville lage sanserom på Kaihuset. Vi driv mykje med sanserom i våre barnehagar, og vi satsar mest på det i Volda. Effektane rundt dette er spennande frå små born til eldre, og vi tykkjer at dette var eit bra tiltak, seier Rolf Årseth som er direktør og forretningsutviklar i Kulur barnehage.

Kaihuset ynskjer å få laga eit sanserom med undervasstema, og som vil innehalde boblerør, akrylspegl, gode stolar, «aquaspot», og blå tapet. Med pengegåva på 25.000 kroner frå Kulur barnehage er ein eit steg nærare til å få planane realisert.

– Det var fantastisk å få ein e-post frå Kulur barnehage med denne beskjeden. Gåva kom uoppfordra, og eg vart paff då eg las e-posten. Sanseromsutstyr er dyrt. Mykje inventar og utstyr er øydelagt etter Dagmar, men vi tenkjer å bruke noko mindre av forsikringspengane på møbel. For å kunne få på plass eit sanserom må vi ha ekstra midler for å få det realisert. Vi har ikkje dei store summane i driftsbudsjettet som vi kan setje av til inventar, seier ungdomsleiar Aurora Høegh-Omdal.

– Vil verte bra

Kaihuset har også sendt søknader til næringslivet om støtte, og byrjar no å få svar på søknadene. Ifølgje Årseth er sanserom noko som vert meir og meir vanleg i landet.

– Våre erfaringar er mest knytt til barnehage, men sanserom vart opphavleg brukt for funksjonshemma. Det har vorte populært, og ein ser at det vert brukt meir og meir. Vi er med å støttar handballen i Volda, men det er også viktig å hugse at det er liv ved sidan av handball og fotball. Difor valde vi å støtte Kaihuset, og dette ser ut til å verte bra, seier Årseth.

– Måtte tenkje nytt

Sjølv om Dagmar gjorde store skader på Kaihuset prøvar ein å gjere det til noko positivt.

– Det hadde ikkje vore mogleg å tenkje nytt om innreiing utan at skadane oppstod. Det er viktig å fornye. No vert ikkje berre det ytre påverka, men også det indre, seier Høegh-Omdal.

Kaihuset har mist aktivitetsleiaren sin, og har difor tenkt litt nytt med det som skal skje på huset.

– Når vi opnar igjen vert det truleg ein opningskveld frå skuleslutt og ut på kvelden. Det vil t.d. vere slik at elevar frå vidaregåande kan komme på kafe, og at dei tek med seg laptopen sin. Etter planen skal det vere ein uformell samleplass, og vi håpar heile gruppa frå 13 til 18 år vil vere representerte, seier Høegh-Omdal.

Håper på opning til hausten

Arbeidet med å få Kaihuset i stand igjen har kome eit stykke på veg, men framleis er det mykje som står att.

– Det er mykje detaljar som må ordnast. Scenebygginga står også igjen med det elektriske, og vi må montere m.a. møbel og det må tapeteserast. Til det siste har vi bedt foreldre og venner av Kaihuset om hjelp. Ungdomane har gjort mykje fram til no, og vi håper og trur at det vert opning til hausten, seier Høegh-Omdal.