Det seier leiar Knut Hustad i Hjørundfjord Bondelag.
Han er alt anna enn nøgd med tilbodet regjeringa har servert bøndene i landbruksforhandlingane.
Der vart det klart at gardbrukarane i Noreg skulle få 900 millionar kroner, noko som var 100 millionar kroner lågare enn i 2011, og langt lågare enn kravet frå bondeorganisasjonane på 2,2 milliardar.
– I tillegg vert ein tredjedel av tilbodet øyremerkt stønad til eventuelle byggjeprosjekt, noko som skrumpar inn tilbodet som kjem att på lønsslippen til 600 mill. kr. Totalpakken er så dårleg at eg føler vi vert haldne for narr!
Store ord
Hustad seier tilbodet er ekstra skuffande, fordi det i den seinaste landbruksmeldinga vart prata høgt om kor mykje ein skulle leggje til rette for å auke matproduksjonen og satse på bøndene.
– Vi hadde nok ikkje venta at staten skulle imøtekome kravet vårt til det fulle, men vi hadde i alle fall håpa på 1,5 milliardar. Den summen vi no vert avspist med er så låg at eg er uroa for landbruket si framtid, seier han.
Slutt for gardsbruket?
No fryktar lokallagsleiaren at stadig fleire vil leggje høygaffelen på hylla og slutte med landbruk, dersom det ikkje vert meir lønsamt å drive gard.
– Det er alltids andre ting å drive med for å få endane til å møtes. Det at landbruket forsvinn vil fyrst og fremst råke Ørsta kommune, som i botn og grunn er eni industri- og landbrukskommune.
Hustad viser til at det i lengre tid har vore ei avskaling av talet på gardbrukarar i området, og seier det må pengar inn for å få trenden til å snu.
Forundra over Sp
Lokallagsleiaren ristar også på hovudet over Senterpartiet, og til dels Arbeiderpartiet og Sosialistisk venstreparti.
– Dei har i fleire år kome med lovnader om hard satsing på landbruk, men eg kan ikkje sjå at dei lev opp til orda i det aktuelle forhandlingsforslaget.
Hustad meiner Senterpartiet har feila både i landbruks- og rovdyrpolitikken, og stiller spørsmål ved kva dei eigentleg gjer i regjering.
– Dei skal no vere eit parti som kjempar for distrikta, men dei er jammen lite synlege. Eg er forundra over at dei i det heile tatt sit i regjering, seier Hustad.