I august reiser 39 dansarar frå Ørsta og Volda Ballettskule til Aberdeen Internasjonale Kulturfestival med framsyningane “Honor is the Country” og “Vanishing Time”. Skulen har hatt eit samarbeid med koreograf Andy Howitt frå Skottland gjennom sin eigen pedagog Renata Nagy Vynikalova.

Då han sommaren 2011 arbeidde saman med Vanikalova med ei framsyning for dei nynorske festspela, vart Howitt så imponert over skulen og elevane at han inviterte dei til å delta på festivalen i Aberdeen.

Kulturfestivalen i Aberdeen er verdas største, med over tusen utøvarar. I år er det 40-års jubileum, og Synnøve Rekkedal Hill er svært nøgd med at dansarane frå Ørsta og Volda får vere med på festivalen.

– No har vi Andy Howitt på besøk og har treningsveke. Vi er kjempestolt over å ha fått invitasjon til denne festivalen, og vi gler oss veldig, seier ho.

Framsyning i Ørsta

I samband med førestellinga i Aberdeen, vil Ørsta og Volda ballettskule arrangere ei framsyning for lokalmiljøet førstkomande onsdag. Til denne framsyninga har ballettskulen motteke støtte frå Norsk Kulturråd og fått med gjestedansar Jiri Kobylka frå Tsjekkia/Tyskland, som vil ha urpremiere på dansen “Stop time” saman med Renata Nagy Vynikalova.

– Det er ganske spesielt at vi har fått ein så dyktig gjestedansar til Ørsta. Kobylka har dansa i nasjonalballetten i Praha og er Ballettsjef ved Operaen i Tyskland. Stykket “Stop time” er verd å få med seg, seier Rekkedal Hill.

Opningshøgtid

Dansarane vil denne sommaren gå frå frå det eine jubileet til det andre. Kulturfestivalen i Aberdeen feirar 40-årsjubileum, medan Dei nynorske festspela i år har 20-års jubileum.

Åshild Widerøe fortel at Ørsta og Volda Ballettskule har medverka i mange år, og er glad for at dei stiller opp i år også, trass ein tett timeplan.

Elitegruppa ved Ørsta og Volda ballettskule, med Ingeborg Bjørneset, Johanne Kalland og Tale Burgess Øyehaug vil under opningshøgtida framføre dansane “Eg er ikkje redd for å fly” og “Steng døra”. Begge dansane koreografert av Renata Nagy Vynikalova, og skreddarsydd for festspela, der dei mellom anna vil danse til musikk frå det norske bandet Gåte.

– Vi er svært glade for at desse står på programmet under opningshøgtida dette jubileumsåret, seier Widerøe.

Ingeborg Bjørneset og Tale Burgess Øyehaug skal opptre under opningshøgtida til Dei nynorske festspela. Her saman med programansvarleg, Åshild Widerøe.