Roth seier han vart lei av at folk støtt klaga over høge bensinprisar, og teikna difor avtale med Bunker Oil, som jamt over leverer rimelegare bensin enn dei store kjedene.

Pumpene opna for publikum førre torsdag. Roth poengterer at det no ikkje er muleg å betale for bensin og diesel kontakt i butikken lenger. All betaling skjer via kortterminal på pumpene, eller eigne Bunker Oil-kort. Fredag og laurdag vil ein representant frå selskapet vere til stades i butikken for å dele ut slike kort.