Det manglar ikkje på entusiasme, pågangsmot og evne til å skape noko i Interessegruppa for Sæbø dampskipekspedisjon. Lyden av pussemaskiner, saging og hamring er med på å gje nytt liv i det tradisjonsrike bygget midt i Sæbø sentrum. I 2015 byrja arbeidet med å ta vare på og utvikle det gamle kommunehuset, og interessegruppa fekk tilbodet frå Ørsta kommune om å kjøpe bygget for 100.000 kroner. I utgangspunktet bestod interessegruppa av ti personar, men etter kvart har fleire meldt si interesse for å vere med å skape ein møteplass på tvers av generasjonar på Sæbø. Etter kjøpet har interessegruppa gitt eigarskapen i bygget vidare til Stiftinga Sæbø dampskipekspedisjon.

– Dette har vore eit hus som vi har sakna gjennom mange år. Dette er eit av husa som har hatt den viktigaste sosiale funksjonen i Hjørundfjorden si historie, seier Erlend Walseth i Interessegruppa.

Aktivitet og oppussing

Den gamle dampskipsekspedisjonen i 1. etasje er innreidd med gamle møblar og har blitt nytta i samband i Hjørundfjord fiskefestival, lukka lag, filmkveldar både for vaksne og for barn. Fylkeskonservatoren har vore inne i biletet med tanke på restaurering, og både konservatoren og interessegruppa vil halde dampskipsekspedisjonen så autentisk som mogleg. To etasjar opp pågår arbeidet for fullt den siste laurdagen i januar. Dette er den andre store dugnaden sidan årsskiftet og no er det 3. etasje i bygget som får pleie. I første omgang skal kjøkkenet setjast i stand, ein sosial og kulturell fleirbrukshall skal skapast i hovudrommet og i det siste rommet skal det skapast ein lounge med tilhøyrande leikerom.

– Vi ønsker ikkje å låse romma for mykje, men at dei skal vere opne for forskjellig bruk. I denne etasjen kan det vere høgtlesing frå bøker for både unge og vakse, konsertar kan haldast, det kan arrangerast spelkveldar, vi skal ha bibliotek og det skal arrangerast småbarnsbørs.

Ei viktig historisk rolle

At det tidlegare kommunehuset har spelt ei viktig rolle herskar det liten tvil om. Lensmannskontor, ordføraren har hatt sitt kontor, bibliotek, skule, kommunehus i tillegg til dampskipsekspedisjonen er nokre av funksjonane som har vore innanfor huset sine fire vegger gjennom historia.

– Gamlekarane har spelt bridge her, ungane hugsar å ha skote med luftgevær i lagerrommet og bygget har alltid hatt ein viktig funksjon. Dei siste tiåra så har huset berre stått her tomt. Forfallet har gradvis blitt meir synleg, men samtidig er det mange som har sett potensialet og moglegheitene i dette bygget.

Mange av dei som no engasjerer seg i å få nokre av dei gamle funksjonane tilbake i bygget og skape ei ny møteplass har flytta tilbake til Sæbø.

– Det har vore viktig for oss at bygget skal vere bygda sitt hus. Her kan vi få eit forsamlingshus som er levande. Vi er idealistar, entusiastar og bygdepatriotar, men vi bur her sjølv og dette bygget vil få ein funksjon i våre eigne liv. Mange av oss har vore busett i byane der vi har blitt vande med kulturtilbod, urbane rom og møteplassar. Dette gamle bygget sitt loft vil på mange måtar bli eit urbant rom på Sæbø, og vi ønsker å vere ein møtestad på tvers av generasjonar.

Nytt veggar: 3. etasje får no eit ansiktsløft.

80.000 kroner

Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Gjensidigestiftelsen har begge gitt 40.000 kroner til arbeidet som no skjer i øvste etasje.

– Vi syns det er viktig å støtte tiltak i lokalmiljøet som stimulerer til utvikling av distrikta. Dei viser nok ein gang her på Sæbø at dei har pågangsmotet som trengst for å fullføre prosjekta som dei planlegg. Sæbø er eit førebilete for andre for korleis små bygdesamfunn kan blomstre, og vi ønsker dei lykke til med nok eit spennande prosjekt, seier Lillian Foldal i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

– Eit bygg med sjel i

To av dei som brukar fritida si på å vere i arbeidet med dampskipsekspedisjonen er Yngve Frøland og Arnar Gjerløw Holen.

– Det var viktig å få ta over eit bygg med sjel i og vere med på å skape ein møteplass spesielt i vinterhalvåret. Eg tykkjer det er veldig viktig å bevare bygget, seier Holen.

– Potensialet i bygget er veldig stort og det kan brukast til det meste. Når bygget har vore ope på sommaren så kjem berre folk innom, og det er eit naturleg møtepunkt. Det viktig at vi kan skape litt kaikultur igjen, og det har vore ein møtestad som vi sakna litt, seier Frøland.

Pussing av golv: Yngve Frøland i gang med pussing av dei gamle golva i 3. etasje.

– Satsar på lokalbefolkninga

Arbeidet som no er starta i 3. etasje skal etter planen vere ferdigstilt 15. mars. Interessegruppa legg vekt på at arbeidet som vert lagt ned og planane som dei har er for dei lokale.

– Samtidig som vi satsar på lokalbefolkninga så veit vi at det vi skaper det har ein autentisitet som også turistar vil sette pris på. Eg har trua på å satse lokalt og la det regne på turistane i staden for at det skal vere motsett. Alle gode reiseopplevingar må også rammast inne. Eg trur at dette huset vil kunne formidle ei historie om korleis det var å bu her, men også korleis det er å leve her no. Det trur eg mange turistar vil setje pris på.

Interessegruppa har som mål å vise fram fjorden som livsåre i bygget med dampbåtar, kaikultur, fjordfiske og laksefiske.

– Vi vonar at Ørsta kommune, potensielle aktørar, lokalt næringsliv også ser fleirbruksfunksjonen i bygget. Vi skapar no noko som først og fremst kjem lokalbefolkninga til gode, men som også er kjekt for turistar, ørstingar og voldingar som ofte kjem til Sæbø på sommartida.