Det opplyste ordførar Stein Aam i kommunestyremøtet sist torsdag.

Han svara på eit grunngjeve spørsmål frå Marit Aklestad (SV). Ho etterlyste kva som skjer med det vedtekne vognskuret ved Sæbø barnehage.

– Etter det eg hugsar, vedtok kommunestyret i budsjettet for 2017 å setje av 150.000 kroner til eit vognskur. Året er snart omme, og det er ingen teikn til bygging av vognskur ved barnehagen. Kvar blir vognskuret av? Undra Aklestad.

Ordføraren stadfesta at vognskuret ikkje er bygt, og at det ikkje var tilfeldig.

Han stadfesta at kommunestyret vedtok under budsjetthandsaminga i desember 2016 å setje av kr 150.000 til vognskur ved Sæbø barnehage. Midlane skulle takast frå drifta til seksjon eigedom.

– Seksjon eigedom har ein svært høg aktivitet i 2017 som følgje av 26 vedtekne investeringstiltak, stort vedlikehaldsetterslep og mange alvorlege avvik i eksisterande bygningsmasse, forklarte Aam.

Dette har medført at seksjonen har prioritert hardt.

– Vognskuret til Sæbø barnehage er eitt av til saman seks vedtekne tiltak som seksjonen ikkje har hatt kapasitet til å starte opp så langt i år. Dette er sjølvsagt beklageleg, men seksjonen er ikkje rigga for den store arbeidsmengda som ligg på oss for tida, forklarte ordføraren.

Rapportering

Aklestad forklarte i det grunngjevne spørsmålet at born i alderen eitt til tre år gjerne søv føremiddagslur. Dei fleste stader er det slik at foreldre då tek med seg sine private vigner som borna kan sove i. Utan eit godt vognskur, vert vognene fuktige, og dei byrjar å verte mygla.

Aklestad ville vite korleis dei folkevalde kan få ei betre oversikt om oppfølging av vedtak.

– Framdrifta og økonomisk status for vedtekne investeringar vert rapportert til folkevalde ved tertialrapporten to gonger i året. Andre budsjettmessige vedtak vert for seksjon eigedom sin del rapportert til folkevalde gjennom årsmeldinga, forklarte Aam.

Etterlyste: Marit Aklestad (SV) etterlyste kva som skjer med vedtekene investeringar. Foto: Rune Sæbønes