Styreleiar i Helse Midt Norge RHF, Marte Styve Holte, trekkjer seg.

Det fortel Helse Midt gjennom ei pressemelding måndag ettermiddag.

Styve Holte, som er frå Folkestad, trekkjer seg frå vervet med umiddelbar verknad. Årsaka er usemje med eigaren (helseministeren) om viktige styringsprinsipp, heiter det i pressemeldinga.

Styve Holte opplever at myndet hennar er redusert, og at naudsynt tilllit ikkje lenger er til stades for å kunne utøve ein god leiarskap. Nestleiar i stryret, Ola H. Strand, vil fungere som styret sin leiar.

Strand seier seg lei for at Styve Holte trekkjer seg frå vervet sitt. Han påpeikar at Helse Midt-Noreg står føre store og viktige oppgåver der det er avgjerande at organisasjonen evnar å arbeide konstruktivt og målretta saman.