For ei tid tilbake gav Miljødirektoratet statsforvaltarane kring om i landet om å greie ut moglege nye område for naturreservat. I Møre og Romsdal vart det peika mellom anna på eit skogsområde ovanfor Maude i Norangsfjorden. Området ligg mellom Urke og Øye.

Eit vilkår frå Miljødirektoratet si side var at naturreservata skulle basere seg på frivillig skogvern.

– Saka har vore sendt ut som oppstartsmelding og verneframlegg. Det har vore få merknader til framlegget, og det meste er løyst i den påfølgande saksbehandlinga. Vi tilrår ikkje å ta til følgje eit krav om eit generelt unntak for orienteringsløp i naturreservatet, heller ikkje noko opning for bergverksdrift, heiter det i tilrådinga frå statsforvaltaren.

Statsforvaltaren peikar på at Maude har store kvalitetar i form av rik edellauvskog og olivintilknytt vegetasjon.

– Her er raudlisteartar, og det fangar opp manglane i skogvernet. Vi tilrår at Maude vert prioritert for vern i den komande saksbehandlinga, heiter det frå statsforvaltaren.

Naturreservat er den strengaste forma for vern av natur i Noreg.