Ørsta kommune melder at Hagevegen vert stengt for gjennomkøyrking ved Sætrebakkane frå tysdag 22. november klokka 09.00.

Kjem ein frå Ørsta må ein for å kome til Sætrebakkane køyre via Hagen. Det vert skilta ved avkøyringane frå E39.

Stenginga skuldast graving for ny overvassleidning i samband med utbygging av bustadblokk. Arbeidet er venta å vere ferdig innan fredag 25.11.