Harald Byrbotten frå Kløfta tok den fyrste laksen i Bondalselva fredag morgon. Han landa ein laks på fire kilo.

Mange forventningsfulle laksefiskarar stod opp tidleg, og fann fram til gode fiskeplassar då Bondalselva opna for sesongen fredag morgon.

Optimist

Etter den gode sesongen i fjor, er det fleire som håper og trur at laksen har funne vegen tilbake til elvane også i år.

Ein av dei er Harald Byrbotten. Han har vore på Sæbø dei siste femten åra for å fiske laks, og fjoråret gjer han til ein optimist.

– I år skal eg vere her i to periodar. Fyrst i to veker no, og så kjem eg tilbake i slutten av juli for å vere med på avslutningsfisket, seier Byrbotten.

Flugestonga

Han leitte fram flugestonga fredag morgon, og stilte seg opp i flugesona nedst i elva.

– Fisken beit vel kring ti minutt over seks. Han var grei å få på land, fortel Harald.

Han leitte fram vekta, og ho viste at det var landa ein fin fisk på fire kilo.

Kaldt

Det vart i morgontimane også landa ein tilsvarande laks av Otto Rødseth, og det er meldt om eit par andre fangstar. Likevel har det ikkje vore det store fisket. Fleire laksefiskarar fortalde om ei vel kald elv då Møre-Nytt vandra langs rampa i morgontimane.