– Vi har valt å ha ope ein ekstra dag slik at folk kan få ei fin avslutning på skisesongen. Forholda i Nottane er nemleg svært gode, og det er fleire som har ynskt at vi held ope ein ekstra dag, fortel Svein Silseth, styreleiar for Ørsta Skisenter AS.

Det er i Nottane forholda er gode, og skitrekket der vil vere ope i fire timar frå kl. 11.00 søndag. I tillegg vil sjølvsagt stolheisen gå.

– Det er også såpass med snø igjen at folk kjem seg greitt ned til parkeringsplassane igjen med å renne i traseane, seier Silseth.