– Skal dette ungdomstiltaket ha ei framtid, må rammene vere føreseielege og konkrete, og Kaihuset må ha ein plan. Dette eksisterer ikkje, seier ho.

Ungdomsleiar i Ørsta kommune, Aurora Høegh-Omdal har etter snart ti år i stillinga, sagt opp jobben. Årsaka er den kraftige nedskjeringa av driftsbudsjettet som kommunestyret vedtok i budsjettsaka før nyttår.

Dette inneber at Ørsta kommune sitt største kommunale ungdomstilbod no vert drive med om lag halvert driftsbudsjett. Ein konsekvens av dette er ei drift på minimumsnivå. Og det handlar om å ha ope ein kveld i veka for ungdommen. Det er ikkje pengar til verken å arrangere konsertar eller andre arrangement og aktivitetar for det som ein gong var eit flaggskip innan ungdomstiltak i fylket.

Minimum

– Drifta er no på eit minimumsnivå, dette smittar over på oppslutnaden mellom dei unge. Vi har hatt betre besøk, for å seie det slik, fortel Aurora Høegh-Omdal.

Ho har sagt opp jobben fordi ho føler ho ikkje har meir å gi for Kaihuset. Høegh-Omdal seier at budsjettrunden i fjor vart ein runde for mykje når det gjeld vilkåra for Kaihuset.

– Kaihuset har vore utsett for kutt i fleire omgangar, og det har vore spekulert i nedlegging. Men i siste liten har ting ordna seg. No klarer eg å ikkje sjå føre meg korleis Kaihuset skal drivast framover. Det ligg ingen føresetnader og rammer for drifta, opplever ungdomsleiaren.

Budsjettkutt førte til at stillinga som aktivitetsleiar forsvann. Og i dag er det i tillegg til ungdomsleiaren knytt to personar til Kaihuset, høvesvis som aktivitetsleiar i ei 20 prosent stilling og musikkansvarleg i 40 prosent stilling.

Hadde mulegheit

– I fjor haust var det ei gylden mulegheit for oppblomstring av Kaihuset då vi nyopna etter Dagmar-orkanen. Oppslutnaden og engasjementet blant ungdommane og dei tilsette var på topp då vi opna med heilt nyoppussa ungdomshus, det var difor ein kalddusj å verte presentert for først nedleggingsframlegget, og deretter budsjettvedtaket som etterlet oss heilt i skodda med omsyn til framtida for Kaihuset. Den skodda er der framleis, fortel ungdomsleiaren.

Vedtaket

I vedtaket som kommunestyret gjorde før jul heiter det: ”Drift av Kaihuset skal vidareførast etter 01.01.2014 men med eit mindre kommunalt tilskot enn tidlegare år. Ekstra tilførte midlar i 2013 gir rom til å førebu ei omlegging av drifta der frivillig arbeid og engasjement får ein endå større plass. Målet med dette er å skape eigarskap til tilbodet og sikre at ein unngår årlege nedleggingsdiskusjonar”.

– Korleis skal ein tolke eit slikt vedtak, undrar ungdomsleiaren.

Slår saman stillingar

Nyleg vart det klart at som ein lekk i den kommunale nedskjeringsprosessen er det bestemt i kommuneadministrasjonen at stillinga som leiar for Ørsta kulturhus skal slåast saman med stillinga som ungdomsleiar. Stillinga som kulturhusleiar vart no lyst ut fordi Bjørn Holum har sagt opp jobben.

– Ein person skal såleis ha ansvaret for kulturhuset og Kaihuset, med hovudfokus på kulturhuset, og basen til vedkomande skal vere på kulturhuset, fortel seksjonsleiar for kultur og næring i kommunen, Liv Bente Viddal.

– Vert Kaihuset svekt på denne måten?

– Politikarane har vedteke at Kaihuset skal drivast rimelegare og at ein samtidig skal styrkje frivilligsentralen. Det står att å sjå om der kjem nokon reduksjon i opningstidene, seier Viddal.