– I år har vi fleire påmelde enn i fjor, og det er fantastisk at så mange vil vere med. Eg håper det held fram i åra framover også. På fotballskulen blir det fokusert på leik, ferdigheiter og fotball. Dess eldre dei er, dess meir fokus er det på fotball, seier Sandvik.

Fotballskulen vert i hovudsak driven på dugnadsarbeid, og Sandvik skryt av alle dei 41 instruktørane som har stilt opp desse dagane for å hjelpe til. I tillegg har dei i år fått besøk av Thomas Lid Kleppe og Espen Standal som tidlegare spelte på Ørsta, men no held til på Hødd. Desse har arrangert konkurransar og aktivitetar for borna på fotballskulen.

Sandvik vil rette ei stor takk til daglegvarebutikkane og næringslivet i Ørsta. Desse har mellom anna hjelpt til med økonomiske middel, premiar og mat til alle deltakarane kvar dag.

Innsats

– Til saman er me eit støtteapparat på rundt 60 personar rundt dette arrangementet. Alt frå instruktørar til kjøkenhjelp og sponsorar har gjort desse dagane til ei flott oppleving for både deltakarar og arrangørar, seier Sandvik. Han legg også til at vêrgudane har vist seg frå si beste side med perfekt fotballvær og temperatur.

Borna har hatt tre aktive og kjekke dagar på Ørsta stadion, der både leik og ferdigheiter har stått i fokus.

– Desse dagane har vi lært å skyte, drible, sentre og føre ball av instruktørane. Det kjekkaste med fotballskulen er å ha det kjekt saman med venner, seier Sander Welle Aam. Saman med Matias Welle Aam, Eirik Melle og Sivert Lillebø Viddal har han kosa seg på gruppa med gutter 10 år, og avslutta dagen med drible og skytekonkurranse i regi av Lid Kleppe og Viddal frå Hødd fotballklubb.

Sivert Lillebø Viddal, Matias Welle Aam, Erik Melle og Sander Welle Aam har hatt det kjekt på fotballskule denne veka.