SAS vil framleis eige 20 prosent av aksjane, men har som mål å avhende heile eigarskapen i Widerøe i løpet av 2016, melder selskapet.

Salet av Widerøe vil gi SAS rundt to milliardar svenske kroner.

- Dette er eit viktig steg i å forbetre den finansielle posisjonen til SAS, inkludert ein reduksjon av SAS si gjeldsgrad, heiter det i børsmeldinga.

Som ein del av transaksjonen sel SAS sju Dash Q400 fly til Widerøe, fly som dei i dag leiger av SAS.

Til NRK melder kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien, at nye eigarar ikkje skal få konsekvensar for reisande eller tilsette i selskapet.