Samferdselsutvalet hadde møte onsdag, og på bordet låg tilrådinga til fråsegn til fagetatane sitt utkast til Norsk Transportplan for perioden 2014–2023. I dette utkastet seier Avinor at ein må bu seg på nedlegging av kortbaneflyplassar etter at planperioden er over. Grunnen er at Dash8 er i ferd med å verte fasa ut, og ingen nye passasjerfly av denne typen er i produksjon.

Dette hadde samferdselssjefen merka seg, og meinte at konsekvensen var at ein må ruste opp Vigra for auka trafikk som følgje av at Dash 8 vart fasa ut. Dette reagerte mellom anna ordførarane på Søre Sunnmøre sterkt på. Tysdag forfatta dei eit skriv til samferdselsutvalet, og peikte på at Widerøe, som opererer Hovden, har ei heilt anna haldning. Widerøe ser ikkje dramatisk på situasjonen i det heile. For det fyrste vil dei gje Dash8 lang levetid, og for det andre er selskapet overtydde om at flyprodusentar vil kome med nye flytypar for kortbaneflyplassar på marknaden.

Les også: - Bruk ikke Widerøe for å legge ned Hovden

I samferdselsutvalet onsdag hadde fleirtalskoalisjonen merka seg ordførarane på Søre Sunnmøre sin protest, og la fram eit forslag som i innhald var i tråd med desse synspunkta.

– Vi gjekk administrasjonen i møte, og fekk også Frp med oss som forslagsstiller med eit tillegg. Til slutt vart vedtaket samrøystes. Det er eg glad for, for det viser seg at gjennomarbeidde vedtak i hovudutvala i fylket mest går igjennom i fylkestinget utan endringar, seier medlem i samferdselsutvalet, Petter Bjørdal (Ap) frå Ørsta.

I vedtaket heiter det at det må arbeidast med å få inn nye tilsvarande flytypar dersom Dash 8 vert fasa ut, og at alle fire flyplassar i Møre og Romsdal skal gjevast rom for å utvikle seg.

– Innspelet frå ordførarane på Søre Sunnmøre var viktig, og det vart lagt merke til, seier Bjørdal.