Det var ein junidag i fjor at mannen vart teken i ein laserkontroll i 50-sona på E39 ved Straumshamn. Politiet målte farta til 86 km/t, men dette meinte mannen måtte vere feil. Dermed hamna saka i Søre Sunnmøre tingrett.
I retten har mannen forklart at han er klar over fartsgrensa på staden, og at han ikkje køyrde for fort. Han meinte politiet må ha forveksla bilen hans med ein annan under målinga.
Politiet nektar for dette, og syner til at måleinstrumentet har vorte kontrollmålt og funne påliteleg. Polititenestemennene fortel også at det ikkje var andre bilar i synsfeltet då målinga vart utført.
Retten festar lit ved forklaringane til politiet og finn 31-åringen skuldig. Han vert dømt til å betale ni tusen kroner i bot. Han får også fengsel i femten dagar på vilkår med ei prøvetid på to år. I tillegg må han betale to tusen kroner i sakskostnader.
Mannen vil vurdere å anke saka.