Det var Per Are Sørheim (H) som foreslo dette. Han viste til at Volda kommunestyre i mai vedtok at det skal vere høve til å servere brennevin utandørs for dei verksemdene som har skjenkjeløyve for brennevin. Volda vedtok også at opningstidene for servering av alkohol utandørs skal vere dei same som skjenkjetidene innandørs, og Sørheim foreslo også dette for Ørsta. Det forslaget fall.

Prikksystem

Det var løyvedelen i den ruspolitiske planen som vart handsama i kommunestyret torsdag. Det vil seie reglane og prinsippa som skal gjelde for tildeling av sals- og skjenkjeløyve dei komande fire åra, og også etterlevinga av løyva. Samrøystes vart det vedteke å innføre eit prikksystem, der sals- og skjenkjestader for alkohol risikerer å få eit visst tal prikkar ved brot på føresegnene. Talet på prikkar avgjer sanksjonsformene, frå åtvaring til inndraging av løyvet.

Administrativt har det vore ei felles handsaming av løyvedelen i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Det vil seie at det vart lagt fram eit felles opplegg for skjenkjepolitikken for dei sju kommunestyra. Men samstundes er kommunestyra suverene, og det har medført at det framleis vil vere ulik praksis for til dømes opningstidene for skjenkjestader.

Felles marknad

Dette påpeikte Per Are Sørheim (H) i sitt innlegg.

– Det er positivt at kommunane på Søre Sunnmøre har arbeidd fram ein felles plan for løyvepolitikken. Det er mykje å tene på felles politikk. Planen vi skal vedta har naturlegvis eit ruspolitisk fokus, men han handlar også næringsliv. Ikkje minst må vi ta innover oss at det er ein felles marknad for Volda og Ørsta, sa Sørheim.

Liberale Volda

Han viste då til at Volda kommunestyre har valt å vere meir liberale med skjenkjetidene enn det som kjem fram i planen. Det eine er at skjenkjetida utandørs følgjer skjenkjetida som er innandørs, og det andre er at det er lov å servere brennevin utandørs for dei verksemdene som har brennevinsløyve.

– I Høgre meiner vi at vi bør vere like Volda med ei lik tidsramme for inne- og uteareal. Det ligg ikkje noko ruspolitisk negativt i dette. Llikevel er det ei negativ side, og det er meir støy i sentrum, sa Sørheim.

Utandørs

Han foreslo då at det skal vere lik skjenkjetid utandørs og innandørs for ein skjenkjestad, og at det skal vere lovleg å servere brennevin utandørs for dei skjenkjestadene som har brennevinsløyve. I Ørsta i dag er det ikkje lov å skjenkje utandørs lenger enn til kl. 24.00, men der skjenkjestader utanfor sentrumsområda kan få løyve til dette. Til dømes er det ikkje lov å servere alkohol utandørs etter kl. 24.00 på barane i Ørsta sentrum, men på Trandal er det lov.

Stina Aasen Lødemel (SV) var positiv til at det vert prøvd å få til ein felles løyvepolitikk på Søre Sunnmøre. Ho kritiserte likevel opplegget for planen.

– Bakvendt

– Det vert bakvendt at vi fyrst skal vedta løyvedelen, og så skal vi ta føre oss det ruspolitiske seinare.- Skal vi ha ein ruspolitikk som er heilskapleg, er det viktig å handsame dette parallelt, sa Aasen Lødemel.

Paul Kristian Hovden (KrF) synest også det er bra med ein felles løyvepolitikk. Men han synest planen var for slapp.

Innstramming

– Det undrar meg kvifor ein ikkje har gått lenger i å stramme inn. Det er i for stor grad næringspolitiske interesser som avgjer løyvepolitikken, og vi burde ha vore meir modige, sa Hovden.

Han foreslo ei innstramming i salstidene for øl i butikk, til mellom 09.00 og 18.00 på kvardagar og mellom kl. 09.00 og 16.00 på laurdagar og dagar før heilagdagar og andre raude dagar.

Vidare foreslo han å innskrenke skjenkjetida utandørs til kl. 23.00 i sentrum og sentrumsnære område, og at normalskjenkjetida for skjenkjestader skal vere mellom kl. 11.00 og 01.00 alle dagar.

Bråk

– Eg ser ikkje poenget med å ha meir ope i helgane. Det er jo då bråket skjer, sa Hovden.

KrF foreslo vidare å sende ei fråsegn til regjeringa der regjeringa vart oppmoda om å få til ein nasjonal løyvepolitikk som er strammare enn i dag.

Hans-Olav Myklebust (Frp) ynskte å ha ein meir fleksibel løyvepolitikk.

Brennevin

– Vi har støtta tidlegare stenging av skjenking på uteareal i sentrumsområda grunna støy. Det er ein god regel. Men det som det kan vere unntak for, er større arrangement, sa Myklebust. Frp kom med forslag om dette, men det vart seinare trekt fordi det er passusar i planen som likevel opnar for dette. Frp foreslo også lik skjenkjetid utandørs for brennevin for dei stadene som har brennevinsløyve.

Kjellfrid Hovdenakk (Ap) synest det var eit godt forslag til løyvepolitisk plan.

Ungdomsråda

– Arbeidarpartiet vil ikkje vere med på å utvide skjenkjetider, sa Hovdenakk, og viste mellom anna til at ungdomsråda i Ørsta og Volda uttrykkjer skepsis til ein liberal alkoholpolitikk.

Gunnar Knutsen (V) sa seg også glad for at det er ei samhandling mellom kommunane i løyvepolitikken. Han var dessutan oppteken av oppfølginga av kontrollen av sals- og skjenkjestader.

Langing

– Særleg gjeld dette langing. Eg arbeider sjølv med ungdom, og ser at ikkje alle daglegvareforretningar forvaltar løyvet på ein god måte. Viss ein er utanfor daglegvareforretningar, særleg på laurdagar, ser vi at langing skjer. Kontrollen overfor langing er altfor dårleg, sa Knutsen.

Røysting

Under røystegjevinga fall Høgre sitt forslag om lik skjenkjetid utandørs og innandørs mot Høgre sine røyster. Høgre og Frp samordna forslaget om brennevinsløyve utandørs, og dette vart vedteke med seksten mot seksten røyster. Det vil seie at ordføraren si røyst talde dobbelt.

KrF sine forslag om innstrammingar fall mot KrF sine røyster.

Men forslaget frå Hovden og KrF om å be regjeringa kome med ein strammare alkoholpolitikk vart vedteken med sytten mot femten røyster.

Gunnar Knutsen åtvarar mot langing.