– Vi har spennande tider framføre oss. No bur vi oss til å ta over kremost-produksjonen frå meieriet i Hardanger, seier meierisjef Bente Reklev.

Frå første halvår neste år startar Ørsta-meieriet ei tredobling av kremost-produksjonen. Det skjer etter at konsernstyret i Tine i 2016 gjorde vedtak om å samle all produksjon av kremost til meieriet i Ørsta, og avvikle produksjonen i Øystese.

Samtidig gjorde konsernstyret i Tine vedtak om at produksjonen av brunost og gomme-produkt i Elnesvågen og Ørsta skal overførast til andre brunostanlegg, for det meste til Byrkjelo og Lom & Skjåk.

– 1. oktober i fjor kokte vi den siste gryta med brunost. Og 20. oktober produserte vi den siste gryta med gommeost, fortel Bente Reklev.

470 tonn

Ørsta-meieriet produserte fire sortar brunost, Gudbrandsdalsost, Ekte Geitost, Bestemorost og Julebrunost. No har meieriet også avslutta produksjonen av ekte geitost som er overført til meieriet på Byrkjelo. Og gommeprodukta Namdalsgomme, Mølsgomme og søst vert no produsert på meieriet i Lom og Skjåk. Totalt er produksjonen ved Ørsta-meieriet redusert med 470 tonn. Talet på tilsette er også redusert som følgje av strukturendringa, og meieriet har tre årsverk færre.

– Reduksjonen er løyst ved at nokre tilsette søkte seg vekk frå meieriet, og ingen vart oppsagde, fortel Reklev.

Storsatsing

I starten av neste år vert det altså ei storsatsing på kremost i Ørsta der meieriet tredoblar produksjonen av dette produktet. Det skal investerast, og produksjonslinene skal byggjast om i lokalet der brunostproduksjonen heldt til, eit arbeid som allereie er i gang.

– I fjor produserte vi 410 tonn kremost. I løpet av 2020 vil produksjonen kome opp i 1.500 tonn. Dette er gledeleg, sjølv om det ikkje er hyggjeleg at meieriet i Hardanger vert lagt ned, kommenterer Bente Reklev.

I fjor produserte Ørsta-meieriet hundre tonn mindre Snøfrisk enn året før til den norske marknaden.

Handlekorga

– Den store årsaka til reduksjonen var at Snøfrisk naturell i 2016 låg i den handlekorga butikkjedene brukar når ein skal vurdere kva butikkjede som har dei rimelegaste varene. Dette gjorde at Snøfrisk naturell vart prisa svært lågt, og butikkane tente ikkje pengar på denne osten. Men kundane var nøgde med den låge prisen, og salet var godt. Når denne osten ikkje lenger er ein del av den offisielle handlekorga, auka prisane, og etterspurnaden blant kundane vart mindre etter Snøfrisk naturell, forklarer Reklev.

Bildet er annleis for eksporten av Snøfrisk. Salet utanlands held seg oppe der Tyskland er det «beste» Snøfrisk-landet for Tine som også eksporterer denne geitosten til England, Canada, USA, Sverige og Danmark.

– Vi ventar ytterlegare eksportvekst dette året, ikkje minst til USA. men også auka Snøfrisk-sal i Noreg, fortel meierisjefen som skryt av den lokale geitemjølka som Reklev meiner er i toppklasse.

Spent

Samtidig som det rår optimisme kring kremosten på Ørsta-meieriet, er Bente Reklev spent på utfallet av prosessen kring ysteridelen for kvitost, og kva meieri som skal produsere kvitost spesial framover. Ørsta-meieriet produserer i dag Edamer og Snøfrisk kvitlin som såkalla fast kvitost.

Kriteria som vert vurdert i samband med kven som skal produsere denne osten er fleksibilitet, effektivitet og lønsemd, Tine skal vurdere ein overordna og heilskapleg produksjonsstruktur for områda, samtidig som at Tine skal sjå på optimal drift på volumanlegga. Deretter skal det leggast fram alternative løysingsforslag med konkrete produkt- og anleggs-kombinasjonar for både kvitost spesial og optimalisering av volumanlegga.

– Det vert spennande å sjå utfallet av vurderingane. I fjor produserte vi 730 tonn Edamer og Snøfrisk kvitlin. Forsvinn dette, vil det nok gå noko ut over talet på tilsette. Uansett har meieriet no aldri stått sterkare, vurderer meierisjefen som er leiar fot 47 personar.