For andre året på rad vert High Camp-festivalen lagt til Sæbø. I fjor vart 250 billettar selt på nokre få timar, og til årets festival gjekk dei 350 billettane unna på sytten minutt. Torsdag starta festivalen, og fredag morgon var deltakarane klare for første topptur. To av dei som klarte å sikre seg billett til High Camp Sunnmøre og som gleda seg til å kome seg på tur var Solveig Brusdal Havre og Vera Selbo.

– Vi gjekk på Møre folkehøgskule i fjor, og fekk stått litt på randoneeski i fjella då. Vi sakna fjella, og dette var ein god sjanse til å kome tilbake til Sunnmørsalpane.

Under fesitvalen bur jentene i telt på campen, og dei hadde turplanane klare.

– Det blir ikkje guida turar på oss. I dag har vi tenkt oss på Skårasalen. Vi vurderer og ein tur på Fingeren, men det kjem an på vêret laurdag.

I løpet av den siste veka før festivalstart vart vêrmeldingane gradvis betre, og sjølv om tåka låg tungt over Sæbø fredag morgon klarna det opp og vart flott turvêr utover dagen.

– Responsen etter fjoråret har vore veldig bra, og alle var veldig nøgde. Det var ikkje nokon diskusjon om vi skulle halde fram med festival i år også. Lokalbefolkninga og alle involverte er samarbeidsvillige og positive. Det er vi glade for når vi kjem og tek over ei bygd for ei helg, seier prosjektleiari Fri Flyt og High Camp-ansvarleg Brynjar Åmot.

Ved Sagafjord Hotel var stemninga god fredag morgon, og sjølvsagt var vêret eit diskusjonstema.

– Får vi ein dag med godvêr er mykje redda og då får deltakarane det dei kjem hit for.

Toppturfestivalen vert eit utstillingsvindauge for Ørsta kommune med mange tilreisande både frå Noreg og utlandet.

– Det er ganske mange nasjonalitetar som er representert her. Vi hadde ein liten sjekk i går og her deltakarar frå Sverige, Danmark, Tyskland, England og USA. Norrøna er ny hovudsponsor for oss i år, og dei har teke med seg kundar frå mange ulike stader hit til Sæbø.

– Ligg det i planane at det blir High Camp Sunnmøre her også neste år?

– Ja, vi tek utgangspunkt i det. Eg trur vi er omtrent på nivået som vi bør vere på med tanke på tal på deltakarar, men det blir sjølvsagt ei evaluering i etterkant med hotellet og alle involverte. Det første året er alltid det vanskelegaste med tal på deltakarar. Vi bestemte oss for 250, men så veit du ikkje kor mange 250 er før du har fått dei i hus. Vi lærte mykje av arrangementet i fjor, og verken hotellet eller området hadde problem å takle 250 gjestar. Difor auka vi deltakartalet med hundre i år, og det er utan tvil ein marknad for eit slikt arrangement. Folk er veldig interesserte i å kome seg hit, seier Åmot.

I tillegg til mange ulike toppturar legg festivalen opp til foredrag og konsertar på kveldstid. High Camp Sunnmøre er det første av tre High Camp-arrangement i år. I år vert det festival på Nord og Turtagrø i tillegg til Sunnmøre.

Tilbake til Ørsta: Solveig Brusdal og Vera Selbo gjekk i fjor på Møre Folkehøgskule, og er no med på High Camp Sunnmøre. Foto: Joachim Åsebø