– Vi må tenke grundig gjennom kva vi vil bruke Volda sentrum til. Eg er ikkje sikker på at handel av den typen vi har i dag er framtida. Kanskje vi bør satse meir på spesialhandel og opplevingar, seier Amdam.

Han beklagar at Coop Vest droppar ei større utbygging av Øyralandet slik Møre-Nytt fortalde laurdag.

– Meldinga frå Coop Vest er annleis enn dei signala vi tidlegare har fått, seier Amdam.

Bakgrunnen for å avlyse planen var stor avstand mellom Coop Vest og ein grunneigar i ei sak om kjøp og sal av naboeigedomen til Mega-butikken i Volda. Volda kommune har varsla oreigning for å få løyst saka, men Coop Vest kan ikkje vente på ein slik prosess. Jørgen Amdam meiner det ikkje er bra for Volda at denne utbygginga vart kansellert, men ordføraren gir ikkje opp å få utvikla Øyralandet.

– Det er både overraskande og ikkje overraskande at Coop legg vekk planane. Så lenge eg har vore ordførar har vi jobba med dette. Men no var det ein konflikt med omsyn til pris for dette området, konstaterer Amdam.

– Kva gjer de no for å utvikle handelen i Volda?

Potensial

– Vi må på ein eller annan måte arbeide vidare med Øyralandet, dette området har stort potensial. I rullering av arealplanen vil vi legge til rette for sørvis og handel på Øyralandet og andre stader, fortel Volda-ordføraren.

Men det må skje meir, innser Amdam. Kommunen jobbar no målretta for å få sentrumsområdet til å blomstre slik at handelen kan auke. Det er klaga over skiltplanen i Volda sentrum og at han hindrar handelsauke.

– Vi skal sjå nærare på skiltplanen og legge inn fleire forkøyrsvegar og få til meir ryddige forhold. Men skiltinga er ikkje einaste årsaka til handelsutviklinga. Noko av utfordringa er stor trafikk gjennom sentrum. Vi er no inne i ein prosess med opprydding der vi klarare skal skilje sentrumstrafikken og trafikken frå europavegen. Voldatunnelen vil langt på veg løyse problema, men vi må gjennomføre tiltak før tunnelen er realisert, seier Amdam.

Eit konkret tiltak er området forbi Lothe-bygget. Der vert det i samarbeid med Norplan utarbeidd plan for betre parkeringsforhold og tilrettelegging for m.a. fortausrestaurant.

Jørgen Amdam har tru på at ein i større grad må satse på andre ting enn tradisjonell handel i Volda sentrum.

Netthandel

– Både nasjonalt og internasjonalt er det tendensar der netthandelen i større grad konkurrer mot butikkane. I ein slik situasjon må vi tenke nytt. Det var ein tankevekkar for meg då fylkesordføraren besøkte konditoriet til Westre og sa at dette var det beste i fylket.

Amdam fortel at Volda si handelsutvikling er positiv.

– Men årsaka ligg først og fremst i veksten i Furene. Amfi i Ørsta tek kundar frå Volda, men også frå butikkar i Ørsta, seier Amdam som er bekymra over strukturendringane i Volda sentrum der mange av arbeidsplassane er spreidde rundt sentrum, og ikkje i sentrum, med dei utfordringane dette gir.