Det oppsiktsvekkjande vedtaket kom etter synfaringar både til sjøs og på land tysdag, men etter ein ganske kort debatt i sjølve utvalet.
– Kraftig signal
– Eg meiner det er tid for å gje eit kraftig signal om at vi skal lytte til dei som bur i Digernes-området, og som ikkje vil ha ei vidare utbygging av Klubben som massetak, sa Astrid Bjørdal (Ap) i utvalet. Ho fekk med seg alle representantane i utvalet, med unnatak av utvalsleiar Inge Kolås. Han ville heller ha eit vedtak der samfunnsutvalet varsla svært strenge restriksjonar viss Aurstad skal få vedteke ein reguleringsplan til slutt.
Må ha meir masse
For det er det saka handlar om. Løyvet til uttak frå det noverande massetaket på Klubben gjekk eigentleg ut i fjor, og vidare uttak skjer no med ein automatisk dispensasjon, ifølgje styreleiar Kjell Arne Aurstad sjølv då han snakka om drifta under synfaringa tysdag.
Selskapet meiner det er mogleg å ta ut langt meir masse, men for å få løyve til det, må det kome ein ny reguleringsplan. Det er denne planen som no er forvarsla, og det er dette forvarselet som no er ute til høyring.
Planutvalet avgjer
Under møtet i samfunnsutvalet forklarte assisterande rådmann Eldar Rune Øye at samfunnsutvalet som eit politisk mynde har høve til å seie meininga si.
– Men då formannskapet som planutval vedtok at planarbeidet kunne setjast i gang, då er ramma gjeven for det vidare planarbeidet, sa Øye.
med andre ord er det berre formannskapet som eventuelt kan stoppe planarbeidet ved eit seinare høve.
– Nok er nok!
Det var altså argumentet frå oppsitjarane på Digernes som vann fram i samfunnsutvalet, og dei var heilt tydelege då dei fekk ordet under synfaringa før møtet.
– Vi seier no at nok er nok. Det har vorte drive massetak her i tjue år. Det skulle avsluttast i fjor. Det har ikkje skjedd, og viss Aurstad har behov for vidare uttak av masser, må det skje andre stader enn i nærområdet vårt, sa grendelagsleiar Sindre Digernes.