Då skal operaen Kimen framførast i Propellhallen i Volda.
– Eg trur nok ikkje eg hatt så stort apparat i sving nokon gong før. Men eg gler meg veldig. Eg gler meg fordi eg ikkje veit korleis det blir, seier Magnar Åm.
Han er statslønna komponist og driv med samtidsmusikk. Ein smal sjanger i utgangspunktet, men det har vist seg gong på gong at publikum let seg sjarmere av dei originale innfalla i komposisjonane hans.
– Eg trur det vert magisk, som alt Magnar Åm røyrer ved, seier Karen Rosenberg Olsen.
Sopranen frå Ørsta er ein av solistane i Kimen, ein opera som er spesialskriven for å bli oppført i Propellhallen i Volda. Det vil seie i industrihallen som har husa både Volda Mek, Scana, Liaaen, Rolls-Royce og Møre Maskinfabrikk.
– Første gong eg kom inn her og spelte blokkfløyte vart eg forelska. Veggane svarer deg, dei seier ja til alt eg kjem med av lyd. Det er inspirerande, seier komponist Åm.
Han samanliknar hallen med ein katedral
– Berre at veggane her snakkar om noko anna enn veggane i ein katedral. Dei snakkar om dagleg slit.
Akustikk-nerd
Magnar Åm er å rekne som ein akustikk-nerd. Det fører med seg ein del tankearbeid og dilemma av denne typen:
– Eg vil gjerne ha lang etterklang på songen, men kort på snakkinga.
For å løyse denne gordiske knuten har han alliert seg med Vartdal Plast, som sponsar førestillinga med isoleringselement, slik at det kan lagast ein ekstra mur på kvar side av publikum inne i hallen. Alt dette for at publikum og utøvarar skal få ei optimal oppleving.
Og kva er det så publikum kan vente seg, i tillegg til diverse operasolistar, musikarar frå Telemark kammerorkester, profesjonelle og amatørmusikarar frå regionen, Volda Vokal, Ørstakoret og barnekoret ved Volda/Ørsta korskule?
– Det vert ei dramatisk og vakker operaførestilling. Handlinga tar utgangspunkt i at det har vore ei ulykke i ei industribedrift. Så kjem ein mann til ei øy, fortel Magnar Åm.
Premieren er fredag og laurdag er det to framsyningar.
– Det er flott å vere ein del av ei oppsetting med både profesjonelle og amatørar, i tillegg til at så mange andre stiller opp. Det er ei glede å sjå korleis denne oppsettinga veks, seier Karen Rosenberg Olsen.
Magnar Åm og Ørsta
Mange trur at Magnar Åm kjem frå Ørsta, men etternamnet hans stammar ikkje frå Åm i Åmdalen. Likevel har han budd i Ørsta i barndomen, då faren var lærar i bygda. Unge Magnar likte seg, og spesielt likte han å gå i Vikeskåla, og fjella rundt sentrum.
– Eg budde i Ørsta frå eg var seks til eg var tolv. Det at eg måtte flytte derifrå vart så grunnleggjande vanskeleg at eg byrja å komponere, fortel han.
Han var redd for at han ikkje skulle få nye venner, og han var redd han skulle sakne Ørsta-fjella.
– «Det er fjell dit vi skal også», sa foreldra mine og då sa eg: «Men ikkje desse fjella.»
Redninga vart pianoet og musikken, slik han ser det i ettertid.
– Eg hadde ein knute i brystet som eg måtte finne ut av, og det gjorde eg med hjelp frå pianoet. Det var min ven og det var med på flyttelasset.
Familien Åm og den unge komponistspiren flytta til Leikanger i Sogn.
– Det er ikkje noko gale med Leikanger. Det traumatiske var ikkje å flytte til Leikanger, men å flytte frå Ørsta.