Då klokka var litt over 11 laurdag føremiddag byrja Ørstahallen å verte fyllt opp av spente J14-spelarar frå Volda og Ørsta. Marit Malm Frafjord (Larvik) og Tonje Nøstvold (Byåsen) tok laurdag turen til Ørsta for å ha trenings- og inspirasjonssamling med dei lokale jentespelarane i alderen 12 til 14 år. Gjennom ulike handballøvingar fekk handballjentene prøvd seg og vist seg fram under leiinga av landslagsspelarane. Etter ein intern kamp var første del av samlinga avslutta med ei spørsmålrunde der alle dei lokale ungdomane fekk sleppe til.

Både Malm Frafjord og Nøstvold syns det var ein kjekk dag i Ørsta.

- Det er veldig kjekt å kome hit, og det er artig at dei har OL-golvet frå London her. Då vi kom inn lurte vi på om det var desse fargane på golvet, og det er ikkje akkurat det vi hugsar frå OL.

Etter å ha delt ut ein signert bit av OL-golvet til sponsorane som har gjort det mogleg å få golvet til Ørsta, overrekte Gunnar Knutsen ein bit til gulljentene som var med på å ta gull på same golv i London. Hadde det ikkje vore for handballdamene til Noreg tok gull i London så hadde ikkje golvet heller vore i Ørstahallen i dag. Det er nemnleg nasjonen som vinn gull som har førstrett på å kjøpe golvet, og det var først etter at Noreg tok gull i handball at OL-dekket kunne verte ein realitet i Ørsta.

I klubbhuset til Ørsta IL venta det lunsj etter overrekking for gullvinnarane og J14-spelarane før Malm Frafjord og Nøstvold tok til på del to av samlinga med spelarane mellom 12 og 13 år.