Grøne strekar skjer på kryss og tvers i vatnet framfor og under båten. På himmelen glitrar kvite stjerner kl. 01.30 om natta. I sjøen glitrar det grønt i moreld som vert forstyrra av raske delfinfinner. Det er småfisk rundt båten, og delfinane jaktar like godt om dagen som om natta.

Bauglyskastaren vert skrudd på, og i lyset frå den vi ser delfinflokken jage rett under overflata. Eit titals dyr, store og små. Å fange augneblenken på film er håplaust. Dette er ei oppleving ein berre får sjå med eigne auge. Delfinane følgjer båten heile nattevakta.

Å vere på langtur er ei einaste rekkje opplevingar, på godt og vondt. Frå fortvila feilsøking når lanternene kortsluttar ute på sjøen, midt på svarte natta, til gleda av å utmatta legge til kai på ein hyggjeleg og uventa plass ein ikkje visste eksisterte. På langtur må ein vere sjølvhjelpt med det meste, og ein må møte utfordringane best ein kan. Når ein til dømes ikkje kan fransk eller spansk, kan sjølv enkle ting som å betale hamneleige eller tinge mat verte ei prøve. Likevel er gleda over å heile tida oppleve noko nytt og spanande større enn ubehaget ved utfordringane.

Sidan førre reisebrev har seglbåten «Emma» gått gjennom Den Kaledonske kanal i Skottland, sigla sørover gjennom Irskesjøen, kryssa Den Engelske kanal og Biskayabukta. Båten er no nesten to tusen nautiske mil frå Noreg, men likevel er ein alltid heime når båten er heimen.

Den Kaledonske kanal

Etter eit litt for langt opphald på Shetland og Orknøyane, reiste vi sørover frå Kirkwall onsdag 20. august. Første stopp var i Wick i Skottland, der vi hadde ei overnatting. Dagen etter gjekk vi til Inverness, som markerer starten på Den Kaledonske kanal. Kanalen skjer nær 10 mil gjennom det skotske høglandet, og lagar ein trygg og idyllisk snarveg mellom Nordsjøen og Irskesjøen. Den Kaledonske kanal består av fleire lange innsjøar som vert knytt saman av kanalar med 29 sluser. Den berømte Loch Ness med sjøuhyret Nessies utgjer den største delen av kanalen.

Fredagen gjekk vi inn i første slusa. «Emma» fekk då ferskvatn under kjølen for første gong. På det meste er ein 32 meter over havnivå. Det kjennes rart å køyre rundt med seglbåt midt inne i landet, flankert av beitande sauer og gamle slott. Alt i alt var kanalen ei idyllisk oppleving. Det er lagt godt til rette med informasjon og flytebryggjer langs ruta. Ein fortøyer for natta der ein vil. Så kan ein gå ein tur i dei lokale landsbyane. Slusevaktane er samstundes så hyggjelege og hjelpsame at det er ei fryd å kome inn i slusene. Å vere slusevakt langs kanalen må vere eit triveleg yrke sommartid.

Ei veke i kanalen gjekk altfor fort. Vi hadde ønskt kanalen var lenger. Men vi måtte sørover til Irskesjøen. Først måtte vi innom byen Oban i Skottland. Der fekk vi om bord to riggekspertar som skulle sjå på riggen vår. Nokre av strekkfiskane til vanta hadde sett seg fast, så vi fekk ikkje justert den. Dette ordna dei, så vi kunne trygt halde fram turen ut i Irskesjøen.

Isle of Man

Første etappe tok 27 timar, med stopp i byen Peel på Isle of Man. Irskesjøen er prega av stor skilnad på flo og fjøre, så her måtte vi vente i fleire timar utanfor småbåthamna før ho opna. Mange av hamnene er konstruert slik at dei har ei undersjøisk sluse i opninga. Når det går mot fjøre, stengjer dei slusa. Dermed vert vatnet fanga på innsida, og båtane får flyte nokre meter over havnivå. Når floda stig over slusa, opnar dei henne att.

Isle of Man er ein sjølvstendig republikk midt i Irskesjøen mellom England, Wales, Skottland og Irland. Vi var litt i tvil om kva gjesteflagg vi skulle bruke på båten, for dei er ikkje del av Storbritannia. I staden har dei eit snålt flagg som viser tre venstrebein med rustning, festa saman ved hoftebeina. Isle of Man brukar britiske pund, men har sine eigne Isle of Man-setlar. Det engelske forsvaret voktar også øya, så heilt uavhengige frå Storbritannia er dei ikkje. Som ein kuriositet kan det nemnast at Isle of Man tilhøyrde Noreg fram til midten av 1200-talet. Nordmenn har sett mykje spor etter seg på dei britiske øyane opp gjennom åra.

Tidevatn

Vi hadde på førehand fått mange åtvaringar om å krysse Biscayabukta etter 15. september. Då er det fare for hauststormar. No var datoen 8. september, så vi fann det best å kaste loss og kome oss av garde. Vi plotta inn Holyhead i Wales som neste stopp. Ein tretten timar lang tur.

Her fekk vi merke at skilnaden på flo og fjøre gir store utslag på sjøen. På veg sørover surfa vi av garde i over 12 knop! Diverre har tidevatn ein tendens til å snu, så plutseleg var situasjonen motsett. Då vi nærma oss Holyhead, viste GPS-kursen på plottarane heilt feil retning samanlikna med det vi såg forut. Vi gjekk opp mot førti grader i feil retning, sjølv om vi styrte rett mot faste landemerke! Både kartplottarane, nettbrettet og ein PC med GPS viste det same, så forvirringa var total. Det var først etter ei god stund med grubling at vi fann årsaka til avviket: den kraftige tidevasstraumen kom inn frå sida. Dermed vart båten pressa sidelengs samstundes som han gjekk framover. Den magnetiske kursen viste kva retning båten peika, men vi «sladda» mot babord. Den reelle GPS-kursen peika dermed førti grader til babord for den magnetiske kursen. Etter å ha stanga mot straumen i ein knop i fleire timar, kom vi endeleg inn i den enorme hamna i Holyhead seint om kvelden og fekk fortøyd for natta.

Ein tanke gjekk til sjøfararane som for berre nokre tiår sidan segla ut i svarte natta, ofte utan anna enn eit kompass, papirkart og stjernene til å hjelpe seg med. I dag er stjernene for lengst bytta ut med satelittar. Skipa har utveksla namn, kurs og posisjon ved hjelp automatisk identifikasjonssystem lenge før dei ser kvarandre. Om det vert skodde, kan ein skru på radaren. Og skulle ein få lyst å ringje heim til mor, er det berre å leite fram satelittelefonen. Ho kan også til ei kvar tid følgje med kvar båten er på kartet, ved hjelp av satelittsporinga om bord. Teknologien er fantastisk. Likevel kjennes det alltid godt når lyset frå eit fyrtårn sveiper taktfast over horisonten. Om alt anna skulle svikte, veit ein at dei viser veg til trygg hamn.

Den Engelske kanal

Neste mål var å krysse Den Engelske kanal. Frå Holyhead sette vi av tre døgn til denne etappa. Første natta passerte vi Saint David›s Head i England. Det vart no motstraum, og etter meir enn seksten timar til rors, kunne vi like godt ankre for natta. I mørket styrte vi inn i ei beskytta lagune og sleppte Rocna-ankeret på 12 meters djup. Neste morgon kursa vi vidare sørover langs Irskesjøen. Her fekk vi vårt første møte med delfinar. Gleda var stor når vi endeleg fekk sjå delfinflokkane leike seg rundt båten. Delfinane ser ut til å storkose seg i straumane som oppstår rundt seglbåten, og kan hoppe og symje rundt båten i lang tid før dei plutseleg er vekk igjen.

TXT- Tekst m innrykk: Då vi i morgontimane 10. september kursa ut i Den Engelske kanal, fekk vi oss ein kalddusj. Rolege dagar i Irskesjøen tok brått slutt då vi kom ut til Wolf Rock. Der møtes Irskesjøen, Atlanterhavet og Den Engelske kanal, noko som resulterer i krappe bølgjer frå alle retningar. Vi var der til feil tid, så båten vart kasta rundt mellom dei kaotiske bølgjene. Då ei stor bølgje slo over båten og inn gjennom den opne inngangsluka, innsåg vi at vi ikkje var heilt budd på dette.

Vi hadde fått nok, og sette kurs mot hamna i Penzance. Det viste seg å vere ein triveleg liten strandby, så vi kunne like godt vere der nokre dagar. Det meste i Penzance viste seg å vere pirat-inspirert. Over alt er det sjørøvarflagg, sablar og dødninghovud. På nettet fann vi ut at innbyggjarane i tidlegare tider kveikte falske fyr langs kysten. Dermed styrte båtane rett i klippene, og piratane kunne forsyne seg fritt av vrakgodset.

Neste forsøk på å krysse Den Engelske kanal gjekk mykje bedre. Denne gongen var vi betre budd, og overfarta gjekk på 21 timar. Vi kom til Camaret-sur-Mer i Frankrike i 05-tida om morgonen. Hamna var då heilt full av båtar på helgetur, så vi gjekk mykje fram og tilbake før vi fann oss ein plass på utsida av bølgjebrytaren. Om morgonen fekk vi også besøk av tre tollarar. Båten såg ut som ei slagmark, og vi var heilt gåen og bustete på håret etter kryssinga av kanalen. Dei lurte heilt sikkert på korleis to ruskebjørnar som oss hadde greidd å kome seg frå Noreg til Frankrike...