– Eg er alvorleg uroa for ferjetilbodet på Hjørundfjorden, både det ytre mellom Hundeidvika og Festøya, og det indre, og då spesielt Trandal–Standal, seier Petter Bjørdal (Ap).

Grunnen er forslaget til statsbudsjett, og det Bjørdal meiner er for lite pengar til fylkesvegbudsjettet.

– Staten prioriterer veldig sterkt oppbygging av stamvegnettet. Det er eg glad for, men samstundes får fylkesvegnettet mindre, og Møre og Romsdal vil mangle 90 millionar kroner til ferjedrifta, seier Bjørdal.

Han viser då til at sist fylkestinget mangla pengar til ferjedrifta, var det nettopp dei to sambanda på Hjørundfjorden som vart vurdert kutta.

– Eg fryktar at desse kuttlistene kjem på nytt, og eg oppmodar difor dei lokale Venstre- og KrF-folka å øve eit stort påtrykk overfor sine partikollegaer på Stortinget–slik at vi greier å halde oppe desse sambanda, seier Bjørdal.

Bjørdal håper at Møre og Romsdal på sikt får betre utteljing i overføringane til fylkesvegnettet.

– Då vi fekk den såkalla regionreforma, med meir ansvar for vegnettet lagt til fylkeskommunane, viste det seg at alle fylkeskommunane som hadde ferjedrift kom dårlegare ut. Den førre regjeringa sette då ned eit utval som skulle sjå på fordelingsnøkkelen. Dette utvalet er i arbeid enno, fortel Bjørdal.

– Resultatet er uansett at Møre og Romsdal har eit stort etterslep på asfaltering, tunnelar, bruer osb., seier Bjørdal.

Han fryktar dessutan at dårlegare fylkeskommunal økonomi kan påverke utbygginga av Ørsta vidaregåande skule.

– Det er planlagt nybygg i 2018. Det er viktig for Ørsta at nybygginga kjem i gang då, for då kan vi kople dette mot fleirbrukshallen. Viss utbygginga av ny Ørsta vidaregåande skule vert utsett i tid, vil det verte mykje vanskelegare å få fylkeskommunen til å medverke i realiseringa av fleirbrukshallen, seier Bjørdal.