Ein mann i 20-åra busett i Ørsta kommune er i Søre Sunnmøre tingrett dømt til samfunnsstraff etter brot på vegtrafikk-, straffe- og legemiddellova.

I retten var mannen tiltalt for å føre ein personbil sjølv om han var påverka av legemidlar som inneheld det narkotiske verkestoffet Klonazepam. Mannen var og tiltalt for å ha brukt amfetamin og tablettar som inneheld Klonazepam. Tidsrommet for desse tiltalepunkta var mars 2012. I juni 2013 slo den tiltalte til ein person i ansiktet med knytt hand, og slo ut ei tann på personen og påførte kutt i leppa som måtte syast. Mannen erkjende seg skyldig i tiltalepunkta.

Mannen vart dømt til samfunnsstraff i 180 dagar, med gjennomføringstid på eitt år, subsidiært fengsel i 6 månader. I tillegg må han betale erstatning på 10.272 kroner for hendinga i 2013, og han må betale sakskostnader på 3.000 kr.