Ekstremvêret «Nina» bomma på Sunnmøre, men no har Vêrvarslinga på Vestlandet sendt ut nytt OBS-varsel for vårt område.

Måndag ettermiddag er det varsla sørvest liten storm i Møre og Romsdal, med periodevis full storm på kysten. Den sterke vinden held fram tysdag også, men minkar til sterk kuling på føremiddag.

Vêrvarslinga varslar også om vanskelege køyreforhold på grunn av vind, snø og snøfokk, særleg på høgfjellsvegane.

Det er varsla regnbyger, med snø over 500-700 meter. Seint måndag flyttar snøgrensa seg ned til 200-500 meter.

Måndag morgon klokka 9 vart det målt liten storm (22 sekundmeter) ved målestasjonen på Eitrefjell, medan stasjonen ved lufthamna på Hovden målte svak vind (2 sekundmeter).

Det er framleis betydeleg snøskredfare på Sunnmøre. Dette gjeld både måndag og tysdag.