– Sunnmøre er utan tvil ein av dei vakraste plassane i verda. Inga bok kan nokon gong skildre det tilstrekkeleg med ord og bilete. Likevel har vi valt å prøve det enno ein gong, seier Sigurdh.

I samarbeid med redaktør Alvaro Susena kunne han nyleg presentere resultatet av at ti fotografar, som alle er fascinert og inspirert av naturen på Sunnmøre, fekk frie tøylar til å samle sine eigne inntrykk av staden.

Boka er ei såkalla «coffee table book», som gjerne skal ligge framme på stovebordet så ein kan bla i henne.

«Art of Sunnmøre» er ikkje ei typisk bok full av landskapsbilete, men freistar i staden fange augneblink og detaljar på kreative og kunstneriske måtar. Dei ti fotografane har på kvar sin måte gitt sitt visuelle inntrykk av Sunnmørsnaturen.

– Allereie i byrjinga av bokprosjektet bestemte eg meg for å invitere fleire ekspertfotografar til å presentere Sunnmøre gjennom sine kameralinser. Eg ville halde tekstmengda på eit minimum, og heller satse på det gamle ordtaket «eit bilete seier meir enn tusen ord». Målsetjinga var å få eit breitt utval biletmaterial som råd, og lage eit fotogalleri der lesaren kan nyte ein visuelt tiltalande og veldig personleg presentasjon av Sunnmøre, for å vise kva som fins her av kunst i natur og kultur, blant folk og miljøet dei bur i.

Undervegs i prosjektet arbeidde fotografane individuelt og uavhengig av kvarandre. På den måten visste dei ikkje kva resultatet frå resten av prosjektet vart, og fekk på den måten uttrykkje seg på sine eigne måtar.

Fotografane som har bidrege til boka er John Colbenssen, Kenneth Enstad, Mattias Fredriksson, Lill Haugen, Geir Otlo Jartveit, Åsmund Keilen, Håvard Mykelbust, Geir Magne Sætre, Arnfinn Tønnesen og Stian Wiik.