I slutten av mai vart Kiwi-hallen innvigd med Vassendgutane på scena og mykje folk i hallen. Det som mangla då var kunstgrasdekket. Målet var at Kiwi-hallen skulle stå klar til bruk før ferien, men ei forseinking i leveransen av kunstgraset gjorde at dette ikkje var mogleg. Leverandøren IPAS Sport har no fått levert kunstgraset og arbeidet med legginga av dekket er no godt i gang.

– Vi er eit arbeidslag på tre personar og vi starta arbeidet på laurdag. Vi reknar med at vi skal vere ferdig med jobben enten fredag eller laurdag denne veka, seier Anders Nymoen i Kunstgress AS som er underleverandør for IPAS Sport.

Før legginga av dekket starta vart det også gjennomført dugnad i Kiwi-hallen for at alt skulle vere klart for kunstgraset.

Sjølv om Kiwi-hallen vil stå klar til bruk no i juli, vert det ikkje offisiell opning før i august når skulane har byrja igjen og haustsesongen startar opp.