Onsdag i 22-tida vart det meldt om pipebrann i Kyrkjegata 14 i Ørsta.

Ørsta brannvern rykte ut med halvparten av mannskapet, og fekk raskt kontroll over brannen i pipa då dei brukte pulver for å sløkke flammane.

- Vi hadde nettopp fyrt opp i omnen då ein nabo varsla oss om at det brann i pipa, fortel Oddny-Nora Kalvatn som bur i det gamle murhuset. Huset er frå tidleg på 1900-talet og omnen er gammal, men ikkje så gammal som huset. Kalvatn fortel at det ikkje kom røyk inne i bustaden.

Kontroll

- Vi fekk raskt kontroll over situasjonen, fortel brannsjef Einar Ytre-Hauge.

Han kunne konstatere at dette var den første pipebrannen i Ørsta denne vinteren.