Det er Vassbakke kraftverk, Osdalen kraftverk, Dravlauselva kraftverk, Osvatnet kraftverk, Feirdalselva kraftverk, Storeelva kraftverk og Øggardselva kraftverk.

- Volda kommune ser svært positivt på den auka verdiskaping og det grunnlag for næringsutvikling og busetnad som utbygging av småkraftverk vil kunne gje i dei ulike bygdelaga i kommunen og i regionen, seier rådmann Rune Sjurgard i ei tilråding til formannskapet.

Samla vurdering

NVE har lagt opp til samla og samtidig handsaming av søknadane og at i det i prosessen også skal vurderast ei samla belastning for kraftverkområda.

- Vi ser det som positivt at så mange søknader vert handsama samtidig. Det vert då lettare å sjå konsekvensane av tiltaka enn om utbyggingane skulle skje ”bit for bit”. Dette kjem likevel lite fram i konsekvensutgreiingane for anlegga då dei der ikkje er sett i samanheng, seier rådmannen.