Det fyrste tilfellet var laurdag føremiddag i Åsen, og det andre tilfellet var søndag føremiddag i krysset Dalevegen/Mosmarkvegen.

– På desse tidspunkta har vi ute aktive patruljar, og dei nytta høvet i helga til å gjennomføre promillekontrollar. Diverre gav det to utslag. Det kan hende det er snakk om lågpromille, men uansett skal ein ikkje køyre i alkoholpåverka tilstand. Desse bilførarane må vere utan førarkort for ei stund, seier lensmann Guttorm Hagen.

Han seier det er positivt at politipatruljen avdekkjer slike forhold.