Rekneskapen 2. tertial 2013 syner eit driftsresultat på 99,6 mill. kroner (69,5) og eit resultat før skatt på 72,1 mill. kroner (36,5). Omsetninga vart 528,5 mill. kroner (415,9). Tilsvarande tal for 2. tertial 2012 står i parentes.

Nettverksemda

Mesteparten av resultatforbetringa ligg i nettverksemda, som i fjor var negativt med -0,1 mill. kroner. Driftsresultatet hittil i 2013 er 57,4 mill. kroner.

– 2011 var eit svært dårleg år for nett på grunn av uveret Dagmar. Kompensasjon på nettinntekt i 2013, saman med generell auka tillaten avkastning, er hovudårsakene til den positive utviklinga i nettselskapet, seier konsernsjef Elling Dybdal.

Innanfor kraftproduksjonen er driftsresultatet redusert med 25,5 mill. kroner samanlikna med tilsvarande periode i 2012. Oppnådd pris i spotmarknaden for produksjonen er høgare enn for same periode i 2012, medan produsert mengde har hatt ein betydeleg nedgang.

For andre område er det små endringar i driftsresultatet samanlikna med same periode i 2012.