Krokedalen barnehage i Ørsta får ros frå Ørsta brann og redning for godt brannførebyggjande arbeid. Det kjem frå ein tilsynsrapport etter eit tilsyn som vart halde no i februar. Barnehagen får ein merknad knytt til brannøvingane. Dei må verte betre dokumentert. Samstundes har barnehagen gjennomført ei rekkje tiltak sidan førre tilsyn, noko branntilsynet er svært godt nøgde med.