– Det er Hjørundfjord sogelag som formelt er eigar av domenenamnet, og grunna nokre mistydingar vart ikkje denne eigarskapen stadfesta tidsnok. Vi håper sjølvsagt at vi skal få orden på dette, seier redaktør Ivar Svein Mo for Hjørundfjordportalen.

Populær nettstad

Portalen vart etablert midt på 2000-talet, og har vorte ein populær nettstad for hjørundfjordingar og andre med tilknyting og interesse for Hjørundfjorden. Fleire lag og organisasjonar har eigne sider på portalen, og er avhengige av at han er oppe og går for å få ut informasjon.

– Portalen har fungert godt som det namnet seier at han er, nemleg ein portal. Med å gå inn på hjorundfjord.no har ein kunne lese aktuelle nyhende, og gå vidare til lag og organisasjonar om ein ynskjer det, seier Mo.

Han innser at arbeidet rundt portalen må verte organisert betre.

Årsmøte

– Hjørundfjordportalen er no drifta av eit eige lag, men det er klart at vi må gjere dette meir formelt, og få skipa eit årsmøte. Der kan vi drøfte grundigare vegen vidare, til dømes om vi skal setje ned ei eiga redaksjonsnemnd for å sikre stoff til portalen, seier Mo.

Han har vorte møtt med at Facebook no tek over det behovet som Hjørundfjordportalen har stetta. Det er han usamd i.

Lenkjer

– Fleire lag og organisasjonar har eigne sider om hendingar og tiltak på Facebook. Likevel er det jo ingenting i vegen for at sakene verte samla på Hjørundfjordportalen, og at ein gå vidare med lenkjer der. Då er det ein stad all oversikt vil vere, og det er positivt, seier Mo.

Han håper at mistydingane kring domenenamnet raskt vil verte oppklart, og at Hjørundfjordportalen kjem opp og går igjen.