På Heltnevollen i Volda er det full aktivitet om dagen. 18 bueiningar er under oppføring, og området myldrar av tømrarar, elektrikarar, flisleggjarar og røyrleggjarar.

Dette byggprosjektet vart torsdag brukt som døme på kva studieretningar årets 10.-klassingar kan søkje seg inn på. Ei gruppe ungdomsskuleelevar frå Ørsta, Volda, Ulsteinvik og Vanylven som har vist interesse for studieretninga gjennom prøvesøkinga, var difor invitert til byggjeplassen for å sjå nærare på kva dei arbeider med der.

– Målet er å auke søkjartalet til Ørsta vidaregåande skule. Skulen har tidlegare hatt prøvedagar og anleggsdagar for å vise praktiske ting, men det er heilt nytt at vi no tek med oss elevane ut ein dag for å vise dei kva som skjer på ein byggjeplass, seier Einar Holsvik, leiar i BA-gruppa Ørsta/Volda.

Godt betalt

På ei omvisningsrunde inne i dei halvferdige husa, fekk elevane sjå kva roller dei ulike fagarbeidarane speler for å føre opp eit hus. Holsvik meiner yrket utan tvil er det beste ein kan søkje seg inn mot.

– Å byggje hus er det kjekkaste ein kan arbeide med. Og er ein praktisk anlagt, går ut med fagbrev i handa, og får ei vidareutdanning, tener ein utan tvil meir enn ein nordsjøarbeidar, seier han.

Allsidig

Det å føre opp eit moderne hus, involverer samstundes svært mange fagområde. Frå planlegging og sakshandsaming til grunnarbeid, snikring og måling.

– Til saman 68 personar har vore med å bidra med sin kompetanse i prosjektet på Heltnevollen. Det er viktig at vi sikrar oss ny kompetanse framover som held dette i hevd, seier Holsvik.

– Må kome tidleg på bana

Byggfaglærar Odd Erik Engetrøen synest byggdagen torsdag var eit nyttig innspel for elevane som kanskje skal søkje seg til Ørsta vidaregåande skule til hausten.

– Det er verkeleg gjevande å ta med dei som skal søkje hit, og vise dei kva vi eigenleg styrer med. Ein må kome tidleg på bana og få elevane interessert i byggfag. Det greier vi med å få dei ut og vise dei kva vi eigenleg styrer med, seier Engetrøen.