Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til eit ope folkemøte for å informere om moglegheita for eit nytt verneområde i Sunnmørsalpane.

Møtet vert arrangert på Ørsta rådhus torsdag kveld.

-Vi ønskjer kontakt med alle involverte for lokal medverknad og forankring, skriv fagleiar Bjarne Otnes og rådgjevar Hege Steigedal hos Statsforvaltaren.

I ein epost til Ørsta kommune skriv dei vidare:

«Vi har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å utgreie moglegheita for eit verneområde som omfattar deler av fjellområda i Ørsta. Formålet med prosessen er vern av område som skal bidra til å danne økologiske nettverk og gjere norsk natur meir robust mot klimaendringar, samt å dekke manglane i eksisterande verneområde for framtidige generasjonar.»

Kartet syner området som regjeringa vil ha utgreidd som nasjonalpark. Området strekkjer seg frå Hjørundfjordstranda og Molladalen i aust til Saudehornet i sørvest. Foto: REGJERINGA

Dei som ikkje har høve til å møte fysisk, kan sende epost til Statsforvaltaren, og få digital orientering.

Dagsorden for møtet:

Statsforvaltaren presenterer grunnlaget for ein slik moglegheit - kva tankar og idear som er gjort av forvaltninga fram til no.

Det vert også orientert om oppdraget frå Miljødirektoratet, korleis arbeidet skal organiserast, og framdriftsplan for arbeidet med eventuelt verneområde.