«Nossen veit åssen», seier dei på Austlandet. Opphavet til munnhellet er ein av fleire i Nossen-slekta som har utmerka seg. I dette tilfellet Øyvind Nossen, som var direktør ved Saugbruksforeningen i Halden.

Dette er noko av det Jan Nossen fortel om i ein slektskrønike han har gitt ut i bokform – førebels i 100 eksemplar.

– Men det vert nok eit opplag nummer to, for interessa har vore stor, seier Jan Nossen (54).

Han er fødd i Oslo og bur på Lillestrøm. Også faren, Ragnar, voks opp på Austlandet. Men Jan Nossen har ikkje gløymt kvar han har røtene. Han har brukt nesten all fritid i to år på å grave i fortida til Nossen-familien.

– Eg har site med det minst ein time kvar kveld, ofte i fleire timar, fortel han.

Notat etter oldefaren

Slektsgranskinga byrja med at onkelen gav han ei notatblokk etter Sivert Nossen, som var ordførar i Ørsta frå 1886–1894.

– Så var det ei veke det vart kaldt ute og eg dessutan var forkjølt og måtte vere inne. Då byrja eg, og det tok heilt av. Det var reine galskapen, seier Jan Nossen og ler godt.

Familie: Sivert og Ingelina Nossen med borna Ingeborg Petrine, Jon (farfar til Jan) og Sunniva. Foto: Nossen-familien

Han har studert både morssida og farssida. Det er på Nossen-sida at arbeidet er mest omfattande. Sidan han har gått tilbake 600 år er historia til slekta knytt tett opp til historia om Ørsta.

– Alle oldeforeldre og tippoldeforeldre på farssida er frå Ørsta. Så her hadde eg boka Ørstingar å støtte meg til, i tillegg til mange lokalhistoriske bøker.

– Er det noko nytt stoff?

– Det er nok dette at eg har kombinert fleire kjende kjelder med notat etter Sivert, og samtalar med slekt. Og så er det ting som gjeld familiemedlemmer som ikkje bur i Ørsta. Slik som at farfaren min, Jon, som budde på Elverum, vart arrestert av nazistane under krigen og sendt til interneringsleir.

garden: Johan og Synneve Helene Nossen på tunet på Nossen. Johan Nossen budde i Telemark og var ordførar i Sannidal. Foto utlånt av Kevin jarrett. Foto: Nossen-familien

Nossen eller Nosa? Begge namna vert brukte. Garden ligg i Melsbygda, og dagens Nossen-slekt kom til garden på 1700-talet. Jan Nossen skriv: «Bøndene i Melsbygda var for det meste leilendinger, men nå var grunneierne kommet i pengenød og ønsket å selge flere av gårdene. Peder Knutson Melle, 35 år, var nest eldste sønn på gården og hadde små utsikter til å ta over farsgarden. På en eller annen måte klarte han å skaffe til veie 350 riksdaler og kjøpe hele Nosa (Nossen) med begge brukene i 1771. Gamle Hans Nossen ble kårkall. Året etter giftet Peder seg med sin Kari. Alle som heter Nossen i Norge er etterkommere etter Peder og Kari.»

Oldemor: Ingelina Nossen, fødd Brudevold, var jordmor i Ørsta i 45 år. Foto: PicNossen-familien

Sivert Nossen (1850–1941) er ein av dei i Nossen-slekta som har sett mest spor etter seg i Ørsta. Og Kona Ingelina (1852-1939) er ei av kvinnene som har merka seg ut. Sivert Nossen var gardbrukar, lærar og ordførar. Jan Nossen skriv: «Oldefar kom inn på Volda lærerskole 8. januar 1865, samme året som han ble forberedt til konfirmasjon. «At nokon kunde vera mindre forberedt enn eg, let seg inkje gjera», sa han visstnok selv.» Men Sivert Nossen fekk eksamen frå lærarskulen- berre 17 år gammal, etter at han hadde vore i praksis i Rekkedal, Stokke og Kvistad krins.

Sivert gifta seg med Ingelina Brudevold. Ho voks opp på garden som i dag er bygdemuseum. Jan Nossen skriv: «Oldemor Ingelina Marta Olsdotter Brudevoll var jordmor i Ørsta. Hun reiste til Bergen og lærte jordmoryrket ved fødselsklinikken der. Deretter reiste hun hjem og arbeidet som jordmor i Ørsta fra 1878 til 1923. Sivert og Ingelina giftet seg i 1887. Da hun fylte 80 år stod det i Ørsta Avis: «Ho var ei flink, hjelpsam og god jordmor. Hundradvis ørstingar hev nok, nest Gud og foreldre, henne Ingelina å takka, at dei er so godt og vel til verdi kome».

Sivert sin bror Johan vart også lærar. Han flytta til Sannidal i som no er i Kragerø kommune. Han vart ordførar der, i tillegg til å vere organist og postopnar.

Dette er berre tre av forfedrane- og mødrene, til Jan Nossen. I boka er hundrevis av andre omtala, og plasserte i slektstre.

Sjølv var Jan Nossen i Ørsta første gong som 16-åring, då farfaren Jon vart gravlagt i bygda der han var fødd. Men dei siste to åra har Jan Nossen besøkt Ørsta i feriar, for å drive research, og å møte slekta.

Slektsgranskar: Jan Nossen (54) har gått grundig til verks i si gransking av Nossen-slekta. Han har vakse opp i Oslo og på Sørumsand, og er forskar ved Institutt for Energiteknikk. Foto: Privat

– Kva har du lært av historia?

– Det har slått meg kor hardt folk har jobba for gradvis å forbetre garden og jordbruket, og at dei har fått meir og meir utdanning. Dei har jobba hardt for å få det betre og har lukkast godt.

PS! Jan Nossen etterlyser bilete av Jon Jonson Melle (1831-1904), helst med den andre kona, Pernille Kanutte, som var søster til Sivert Nossen.