Volda kommune har fått tilsegn om støtte til arbeidet frå Møre og Romsdal fylkeskommune . Planleggar Torgeir Stensø i Volda melder i ein epost til fylkeskommunen si kulturavdelinga at arbeidet er utført.

Bunker og kanonstilling på Berkneset. Foto: Arnfinn Kielland

Berkneset kystfort/kystbatteri vart bygd opp av dei tyske okkupasjonsstyrkane på Berkneset i Volda i løpet av 1942. Batteriet var operativt i desember det året, som ein del av Festung Norwegen. Nemninga er etter den tyske terminologien; det var den tyske hæren, Hærkystregiment 976, som hadde ansvaret for fortet. Dette regimentet hadde i alt 11 slike fort eller batteri på Sunnmøre, og Berkneset hadde nemninga HKB 35/976.

Informasjonsskilt ved gamle ferjekaia – startpunktet for råsa mot kystbatteriet. Foto: Torgeir Stensø

Alt sommaren 1940 sendte tyskarane ein styrke på 10 soldatar til Yksnøya utanfor Berkneset der dei først planla utbygginga. Innbyggjarane fekk beskjed om at dei måtte vere budd på å flytte frå øya. Men da tyskarane fann ut at det var dårleg vassforsyning der, vart planane skrinlagde.

Organisation Todt

Utbygginga av anlegget gjekk føre seg med norske og tyske arbeidsfolk. Dei norske var stort sett frå Volda og Ørsta, dei tyske høyrde til i Organisation Todt. Av tyske soldatar varierte styrken frå ca 70 i starten til kring 150 på slutten av krigen.

Bevæpninga på Berkneset var i 1943 fire 10,5 cm feltkanonar i tillegg til maskingevær og mitraljøsar. På slutten av krigen var det i tillegg kome ei 7,5 cm feltkanon, ei 2,5 cm panservernkanon og to 2,5 cm luftvernkanonar.

Flyangrepet i Ørstafjorden

Batteriet på Berkneset hadde som hovudoppgåve å sikre den indre skipsleia langs Storfjorden. Det var ikkje i direkte kamp. Men under flyangrepet i Ørstafjorden 5. desember 1944 opna luftvernkanonane eld mot dei allierte flya, utan nemnande verknad.[5] Det same gjeld flyangrepet i Dalsfjorden 23. mars 1945.

Batteriet vart nedlagt ved kapitulasjonen i mai 1945. Tyskarane vart likevel verande fleire veker på Berkneset, først og fremst for å rydde vekk piggtråd og store mengder landminer.