Ørsta frivilligsentral inviterer alle frivillige lag og organisasjonar i Ørsta til markering av frivilligåret i gågata.

Markeringa skjer 11. juni, fortel Ørsta kommune på si heimeside.

Det startar allereie relativt tidleg på føremiddagen, med stands langs heile gågata.

– Ekstra kjekt om de vil gjere litt ekstra ut av standane dykkar. Om de er loddsal, smaksprøver eller ka det måtte vere de finn på, skriv frivilligsentralen.

Ved lunsjtid vert det program frå fru Svendsen-plassen/1000-års staden.

– Vi oppmodar alle lag til å stille med programinnslag. Er det nokon som kan trikse, fortelje om laget sitt, lynsjakk, song, dans, steile, sjongler, e.l. Har laget ditt noko de kan bidra med. Meld det inn! Det vert trekning av gåvesjekkar blant alle lagasom deltek på dagen, skriv frivilligsentralen.