– Vi har tatt nokre runder på dette i dag, og også snakka med lokale brannfolk, blant anna i Ålesund, seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Julie Solsvik Vågane til Sunnmørsposten.

Området som no har fått oransje nivå er det same som har hatt gult nivå dei seinaste dagane. Dette har vore området rundt Nordfjordeid, ytre del av Møre og Romsdal, og vidare nordover.

Varselet varer inntil det kjem «regn av betydning».

Søndag blei det innført forbod mot all bålbrenning og annan bruk av eld utandørs i Ålesund, Sula og Giske. Forbodet gjeld frå 27. november og dei neste ti dagane.

– Dødt gras og død lyng har tørka ut og tar ikkje opp fukt igjen. Det har ikkje regna på meir enn to veker, og det har vore frålandsvind. Det er heller ikkje snø, seier meteorologen.

Det er heller ikkje venta regn på fleire dagar. Dersom varselet på Yr.no slår til, kjem det ikkje regn på ei heil veke.

Meteorolog Alexander Skeltved seier til Sunnmørsposten at det neppe kjem regn dei første tre dagane i alle fall.

– Det kan vere lite grann nokre stader, men ikkje nok til å stoppe det, seier han.

Ifølgje Yr.no har det kome 100 millimeter regn i Ålesund siste 30 dagane, og i Ørskog berre 60 millimeter.

Det oransje farevarselet strekker seg vidare nordover til ytre delar av Trøndelag, Helgeland og Sør-Salten.